Om stillingaMe er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal me førebyggja og bekjempa kriminalitet, skapa tryggleik og ivareta rettssikkerheita. Me trur at mangfald bidrar til betre oppgaveløysing, og søkjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil me gjera vårt beste for å gi deg det du treng.Ved geografisk driftseining Sauda/Suldal og Etne/Vindafjord har me ledige stillingar som politibetjent 3/2/1. Stillingane er plassert ved seksjon for patrulje og førebygging, og på seksjon for etterretning og etterforskning. Søkjarane må vera førebudde på å bli omdisponert mellom ulike fagdisiplinar og mellom dagtidsteneste og turnusteneste.Søkjarar sender søknad, CV og attestar via "søk på stillinga", og det skal lastast opp vitnemål frå Politi(høg)skulen. Vedlegg skal lastast opp enkeltvis i pdf-format.Dette ser me etter hos ein ny medarbeidarMe ser etter motiverte personar som er interesserte i å møta utfordringar knytta til kriminalitetsbekjemping. Me stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer me medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom sine haldningar og handlingar i sitt daglege arbeid. Evna til å vera trygg, nærverande, lydhøyrande samt å bygge tillit til publikum, er avgjerande for suksess i vår organisasjon, og vil bli vektlagt i vår vurdering av kandidatar. Evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø vil òg bli vektlagt.Arbeidsoppgåver
Utføre målretta kunnskaps- og hendingstyrt patruljeteneste i døgnkontinuerleg turnus
Gjennomføre straksetterforskning i henhald til prinsippa for politiarbeid på staden (PPS)
Etterforske tildelte straffesaker
Identifisere, planleggja og gjennomføre etterforskningsskritt i straffesaker
Vakthald, sikring og beredskap
Førebygjande arbeidKvalifikasjonarDette må du ha for å vere kvalifisert:
Bestått grunnutdanning frå Politi(høg)skulen
Inneha IP4-godkjenning, eventuelt må du kunne regodkjennast
For tilsetting som politibetjent 3/2 må kompetansekriteriene for stillinga vere oppfylte, og eige skjema leggast ved søknaden Kompetansekriterieskjema for pb 3 og kompetansekriterieskjema for pb 2 kan lastast ned ved å følgje lenkene
God skriftleg og munnleg formuleringsevne
Det er òg ønskjeleg med:
Relevant tilleggsutdanning og erfaring frå fagområdet
God lokalkjennskap om det geografiske ansvarsområdet
Språkkompetanse utover engelsk
Mangfaldskompetanse (til dømes studiar i kultur, mangfald eller språk, erfaring eller arbeid frå flerkulturelle ungdomsmiljø, land- og kulturkompetanse, kunnskap om minoritetar og liknande)
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet, og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting i henhald til politilova § 18 og politiregisterlova § 41.Personlige egenskaper
Gode haldningar og samarbeidsevner, og trivst med å arbeide i team.
Løysingsorientert og sjølvstendig.
Ha evne til å byggja tillit hos publikum, og inneha gode kommunikasjonsferdigheiter.
Stor arbeidskapasitet og initiativrik.
Evne til å ta raske beslutningar i stressande situasjonar.
Robust, med dette meiner me at du må tåle å stå i tøffe psykiske og fysiske oppdrag.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du kjenneteiknast av at du er modig og heilheitsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om våre etiske retningslinjer og medarbeidarplattform her.Me tilbyrStillinga lønnes som politibetjent 3/2/1 (stillingskode 1461/1459/1457) med årslønn:Politibetjent 3: fra kr. 541.500,- brutto pr. år Politibetjent 2: fra kr. 500.000,- brutto pr. år Politibetjent 1: fra kr. 460.000,- brutto pr. år Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no.
Gode arbeidsbetingelsar (turnus, trening i arbeidstida)
Nye flotte lokale med gode treningsmoglegheiter
Moglegheit for snøscootertjeneste
Rikt fritidstilbod med blant anna klatrehall, aktive idrettslag, stadion, fjell, fjord, skisenter m.m.
Gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv sommar og vinter
Ved tilsetting som etterforskar blir det gitt eit tillegg på 25 000 til pb. 1, 50 000 til pb. 2 og 80 000 til pb. 3. Satsene gjeld for 100% stilling
Moglegheit for sletting av studielån inntil 25 000 kr. per år (ved busetjing i våre kommunar, ref. regjeringen.no)
Mangfald i politietDersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det moglegheit for å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling.Dette inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder brukar i sine årsrapportar. . Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer duDu søkjer ved å skriva eit kort søknadsbrev. Registrer utfyllande CV og legg ved relevante vitnemål og attestar.Opplysningar om deg kan bli offentliggjort sjølv om du har anmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.Kontaktpersoner for stillingenEivind Obrestad AsheimSeksjonsleiar+4745224789Kopier telefonnummerKopier e-postadresseKari RørtveitSeksjonsleiar+4752865290Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenSør-Vest politidistrikt har ca. 530.000 innbyggjarar fordelt i 29 kommunar. 23 av kommunane ligg i Rogaland, medan 5 kommunar er i Vestland og 1 i Agder fylke. Politidistriktet strekk seg frå Moi og Lund kommune i sør, til Bømlo og Fitjar i nord, og med kommunane Suldal og Sirdal i aust. Sør-Vest politidistrikt er eit mangfoldig distrikt med byar, bygder og tettstader i alle storleikar. Næringslivet er variert. Olje- og gassindustrien står sentralt saman med jordbruk, fiske, sjøfart og industri av ulike slag. Politidistriktet er prega av svært variert natur som gjev gode moglegheiter for rekreasjon, både ved fjord og fjell. Distriktet har eit rikt kulturliv.Politidistriktet har ca. 1250 tilsette og har i tillegg til dei ordinære politioppgåvene, eit særskilt ansvar for politioppgåver knytt til kontinentalsokkelen og eit spesielt ansvar for behandling av sjøfartssaker. Politimesteren er i tillegg leiar for Hovedredningssentralen for Sør-Norge.Som medarbeidar i politiet er du kjenneteikna som modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på.Hovedmålsettinga for distriktet er å møte publikum sine behov for tryggleik, lov og orden.SektorOffentlig