EiningsleiarVi utvider vårt leiarteamEiningsleiar 100%Sjukeheimstenesta overtar frå 1/8-25 ansvar for omsorgsbustader på Ostertunet og vi utvidar leiarteamet vårt . Ostertunet består av 28 omsorgsbustader .Tilsettgruppa vil bestå av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleiemedarbeidarar. Som einingsleiar ved avdeling Ostertunet vil du ha moglegheit til å setje ditt preg på avdelinga og byggja eit godt fagleg og godt samansveisa team .Om sjukeheimstenesta i Alver kommuneSjukeheimstenesta i Alver består av 6 sjukeheimar: Velferdsenteret, Lindås bu og servicesenter, Såta bu- og Servicesenter, Meland Sjukeheim, Knarvik Sjukeheim, Helsehuset, og frå 1/8 -25 overtar me ansvaret for omsorgsbustad pluss på Manger og Ostereidet. Sjukeheimstenesta har totalt 205 sjukeheimsplassar fordelte på langtid, korttid, rehabilitering og plassar til rulleranda avlasting.Me har 49 omsorgsbustader pluss , der 5 av bustadene på Manger blir brukt til avlasting.Me har eigne legar som er tilsett i sjukeheimstenesta. I tilegg er også kommunalt kjøkken organisert i sjukeheimstenesta.ArbeidsoppgåverEr du ein god rollemodell som kan bidra til å skapa eit trygt og engasjerande arbeidsmiljø? Som leiar vil du ha heilskapleg ansvar for drift av avdelinga, under dette ansvaret for personal, HMS , fag og økonomi. Stillinga rapporterer direkte til tenesteleiar og inngår i leiargruppa til tenesteleiar.Dine hovudoppgåver vil vera:
Sikre eit høgt fagleg nivå på tenestetilbodet
Organisera og utarbeida årlege turnusar
Følgje opp dei vedtekne økonomiske rammene til avdelinga
Planleggja og gjennomføre fagleg utviklingsarbeid saman med dei tilsette
Systematisk følgje opp avvik og sikre implementering av forbetringsarbeid blant dei tilsette
Sikre godt samarbeid med pårørande
Vidare vil du arbeida systematisk med lokale arbeidsmiljøgrupper for å sikra eit godt partssamarbeid mellom leiar, vernetenesta og tillitsvalde, godt arbeidsmiljø og gode tenester. Me vil følgja opp verksemdsplanar og delta aktivt i utvikingsprosessar.KvalifikasjonskravKven er du?Me søkjer ein engasjerte og omsorgsfull leiar som brenn for trygg og god eldreomsorg. Du er ein inspirerande rollemodell som motiverer teamet ditt og fremjer dialog og samarbeid. Du har gode kommunikasjons og samarbeidsevner, og er ein trygge relasjonsbyggar. Som person er du løysingsorientert og du trivst i ein travel og tidvis uføreseieleg arbeidskvardag.Du er ansvarsmedviten, stødig og lojal, med eit heilskapleg perspektiv på avdelinga og verksemda. Du deler og formidlar kunnskap på ein trygg og god måte, og har evna til å arbeida både sjølvstendig og i team. Ditt faglege engasjement og målretta arbeidsmetode bidreg til eit inkluderande, positivt og raust arbeidsmiljø.Me tilbyrMe er ein organisasjon i læring!Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling.Me er AlverMe får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!PolitiattestI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.Om Alver kommuneSjukeheimstenesta i Alver kommune består av 6 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu- og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 205 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og omsorgsbustad pluss organisert i sjukeheimstenesta.