Navigatørar - Open Søknad

Fjord1

  • Norge
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 1 måned siden
Om stillingaFjord1 er ein verdensleiande pionér innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i markanden!Er du navigatør og ynskjer å jobbe som vikar i friperiodar, eller er du pensjonist å vil ta nokon vakter i blant? Uansett grunn for at du vil jobbe som vikar så vil vi gjerne ha din søknad!
Her kan du legge inn søknaden din dersom dei andre stillingannonsene ikkje passar deg akkurat no.For å gjere det enklare å finne rett oppdrag til deg ber vi deg om å legge inn informasjon om:
  • Kor i landet du ønskjer å jobbe
  • Kor ofte du ønskjer å jobbe
Alle søknadar blir behandla fortløpande, og aktuelle kandidatar blir kontakta.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:31.08.2025Arbeidsgivar:Fjord1 ASStillingstittel:Navigatørar - Open søknad - vikarStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:VikarStillingsprosent:0Webcruiter-ID:4927596637Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Leie dekksavdelinga og sikre effektiv drift
  • Vere avløysar for skipsførar ved behov
  • Utføre ettersyn og vedlikehald av navigasjonsutstyr
  • Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig og oppfyller tryggleikskrav
  • Ta avgjerder i kritiske situasjonar dersom skipsførar ikkje er tilgjengeleg
  • Oppdatere og halde vedlike vedlikehaldssystem for dekk
  • Ansvar for opplæring, utvikling og trening av mannskapet
  • Sikre at mannskapet har riktig verneutstyr og følgjer tryggleiksrutinar
  • Sørge for at passasjerane vert behandla på ein høfleg og profesjonell måte
  • Kontrollere at kommunikasjonsutstyret fungerer som det skal
  • Påsjå at billettering og kontroll vert gjennomført i samsvar med retningslinjer
  • Sikre trygg og effektiv lasting og lossing av fartøyet
Kven ser vi etter?For å jobbe som navigatør må du ha relevant kompetanse og nødvendige sertifikat for stillinga, dette innebærer:
  • Minimum D4-sertifikat
  • ROC/GMDSS-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise-og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest
  • Nordiske språkkunnskaper muntleg og skriftleg
For å trivast i denne rolla er det viktig at du har evne til å arbeide tett med andre menneske over tid, har eit godt humør og gode kommunikasjonsevner. Vi ser etter deg som er serviceinnstilt og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.Vi tilbyrSom vikar i Fjord1 får du spennande moglegheiter i ein leiande aktør innan maritim næring. Du vil få sjansen til å jobbe på moderne, miljøvennlege fartøy og opparbeide deg verdifull erfaring i ein framtidsretta bransje i stor utvikling. Arbeidet gir deg konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår, der lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Offisersforbund. Du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og fleksible arbeidstidsordningar. I tillegg får du moglegheit til å utvikle deg fagleg og bygge nettverk i maritim næring. Kursavgift for krise-/passasjerhandteringskurs blir dekt av Fjord1.Vi ser fram til å sjå søknaden din!Adresse: NorgeOm arbeidsgivarenFjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Fjord1