Er du vår nye barne- og ungdomsarbeidar?
TUDDAL BARNEHAGE
- Vestfold og Telemark
- Fast
- Deltid
- Dagleg omsorg og til stades for enkelt barn og heile barnegruppa
- Delta aktivt i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet
- Rettleie og hjelpe barn i leik og aktivitetar
- Bidra til at rammeplan og barnehagelova oppfyllast gjennom det pedagogiske arbeidet med barnegruppa.
- Samarbeid med føresette
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget er ynskjeleg
- Erfaring frå barnehage
- At du er personleg egna vil bli vektlagt
- Det er ein fordel om du meistrar fleire språk
- Er engasjert, omsorgsfull og har evne til å ta barneperspektivet
- Har evne til å reflektere over eigen rolle og eigen praksis
- Er aktiv lyttande og til stades i samspel med barn
- Er strukturert, ansvarleg og serviceinnstilt
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Har god relasjonskompetanse
- Lønns- og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande avtaleverk
- Eit godt arbeidsmiljø der kommunen har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA)
- God pensjonsordning
- Blir du kalla inn til intervju? Vi gler oss, husk å ta med kopi av vitnemål og attestar.
- Vi ynskjer to referansar, og du må legge inn kontaktperson og telefonnummer.
- Du vil ha prøvetid på 6 månader.
- For personar som skal jobbe med barn, stillast det krav om politiattest i tråd med Barnehagelovas § 30.
- Som tilsett ved våre barnehagar kan ein ved behov og etter avtale bli flytta til andre barnehage einingar i kommunen.
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenKarianne Haugan Skårdal95790597Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenVelkommen til Hjartdal - det nære alternativet. Hjartdal kommune ligg sentralt i Aust-Telemark og har ca.1600 innbyggjarar. Den består av bygdene Sauland, Tuddal og Hjartdal. Sauland er kommunesenteret, og ligg ca. 20 min frå Notodden, ca. 30 min frå Seljord og ca. 50 min frå Kongsberg langs E-134. Kommunen vår er ein god bu- og oppvekstkommune med trygge rammer for menneskje i alle livets faser. Med trygg og god skule, barnehagar og omsorgssenter er kommunen vår flott å vekse opp i - og bli gammal i. Her får du servert god plass og flott natur ved foten av Gaustatoppen. Du vil finne roa i naturen, spenning i aktivitetstilbod og byliv ein liten køyretur unna. Hjartdal er ein attraktiv hyttekommune og Tuddal - på solsida av Gaustatoppen - er ”turistbygda” med lange tradisjonar for å ta imot gjester. Kommunen har sterke landbrukstradisjonar og kulturtradisjonar knytt til folkemusikk, tradisjonshandverk og utvald kulturlandskap. I vår kommune skjer det mykje. Vi engasjerer oss, stiller opp og bryr oss om lokalsamfunnet. Vi lyttar til innbyggjarane, og skapar rom for påverknad. Slik utviklar vi oss til å bli ein kommune for deg og dine! Hjartdal kommune er ein del av Kongsbergregionen.SektorOffentlig