Vi har to ledige fastlegeheimlar, der kommunale oppgåver som sjukeheimslege og lege ved helsestasjon inngår som ein del av stillinga. Fjaler kommune har tre fastlegeheimlar, LIS1-lege og kommuneoverlegefunksjon i eit interkommunalt samarbeid. Legekontoret held i dag til ved sjukeheimen, men nye lokale er under planlegging i eige bygg.Vi vil gjerne kome i kontakt med deg som:
Ønskjer fast stilling, sjølvstendig næringsdrivande eller vikariat i minimum eit år.
Spesialist i allmennmedisin, eller på veg mot spesialisering..
Lege som er under LIS1-løp, eller som nyleg har fullført, og som ønskjer ein prøveperiode for å finne ut om allmennpraksis kan vere aktuelt vidare.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål eller ønskjer ein uformell prat om stillingane, arbeidsoppgåvene eller kommunen. Vi ser fram til å høyre frå deg!Kvalifikasjonskrav
norsk autorisasjon som lege
gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt
førarkort klasse B
den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest for tiltreding
Arbeidsoppgåver
allmennlegetenester for eigne listepasientar i kontoret si opningstid
deltaking i interkommunal legevakt
kommunale oppgåver som sjukeheimslege og lege ved helsestasjon
bidra til god samhandling mellom den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta
Personlege eigenskapar:
gode samarbeidsevner
god på kommunikasjon og rettleiing
fleksibel
strukturert, ansvarsbevisst og sjølvstendig
Vi tilbyr
tilsetjingsforhold og løn etter individuell avtale
gode pensjons- og forsikringsvilkår
Om Fjaler kommuneFjaler ligg vakkert til mellom fjord og fjell i Sunnfjord i Vestland fylke, om lag tre timar nord for Bergen. Her får du kombinasjonen av flott natur, engasjerte lokalsamfunn og spennande arbeidsmoglegheiter. Livskvalitet, tryggleik og trivsel står sterkt i kommunen, som er særleg kjent for sitt rike kulturliv og vakre omgjevnader.Førde sentralsjukehus ligg berre 45 minutt unna. Den interkommunale legevakta er stor og godt organisert, noko som gjev ei overkomeleg vaktbelastning. Det er òg gode jobbmoglegheiter for eventuell partnar i området.Offentleg søkjarlisteVi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for unntak av offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg..Søk herDel på:Fylke:
Vestland
Jobbtype:FastHeiltid/Deltid:HeiltidArbeidstid:DagSøknadsfrist:26.04.2026Tiltreding:Etter avtaleArbeidsstad:Dale i SunnfjordKontaktpersonar:Heidi Roos, leiar helsetenestenetlf:mob:Heimeside:Adresse:Fjaler helsetun Dalsvegen 81 6963 Dale i SunnfjordKart:Stadsmarkør vedInteraktivt kart som viser kontorstadFjaler kommune Fjaler legekontorFjaler kommune har om lag 2850 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 10500. Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, samt gode skular og sørvistilbod. UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler kommune internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord- og fjellvakker natur.