Spesialfysioterapeut/ fysioterapeut

Helse Førde

  • Førde, Vestland
  • Fast
  • Deltid
  • 6 timer siden
Seksjonen Klinisk fysioterapi og førebygging har ledig 60% fast stilling for spesialfysioterapeut/ fysioterapeut:
  • Arbeidsstad: Førde sentralsjukehus
  • Oppstart: Omgåande.
Vi har ledig 60% fast stilling for spesialfysioterapeut/fysioterapeut som ønskjer å jobbe med tverrfagleg ortopedisk poliklinikk. Som eit ledd i oppgåvedeling, har fysioterapeutane vore ein viktig bidragsytar i arbeidet med å redusere ventetid og utvikle tenestetilbodet til pasientar som er viste til ortopedisk avdeling.
Vi har behov for å utvide fysioterapiteamet innan fagområda rygg, hofte og kne.Klinisk fysioterapi og førebygging er organisert i Medisinsk klinikk under Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering. Fysioterapiseksjonen har 23 stillingar, inkludert tre turnusfysioterapeutar. Seksjonen gir tenester til alle somatiske avdelingar ved Førde sentralsjukehus, Nordfjord sjukehus og til Seksjon for læring, meistring, fysikalsk medisin og rehabilitering. Fysioterapeutane arbeidar ut ifrå tilvising frå somatiske avdelingar og poliklinikk.Seksjonen har ein ung stab med fokus på fagutvikling og nye teknologiske løysingar.I tillegg til driftsoppgåver og dagleg pasientbehandling, er fleire tilsette i seksjonen aktive i høve til innovasjon, tenesteutvikling og forbetringsarbeid med tanke på å utvikle moderne og framtidsretta tenestetilbod. Døme kan være det digitale verktøyet og VR for menneske med hjerneslag:.Arbeidsoppgåver
  • Klinisk undersøking, funksjonsvurdering og oppfølging av pasientar med ortopediske problemstillingar, primært innan fagområda rygg, hofte og kne. Andre fagområde kan bli aktuelle.
  • Tett tverrfagleg samarbeid med ortopedar og andre relevante faggrupper.
  • Dokumentasjon og journalføring i tråd med gjeldande rutinar.
  • Deltaking i fagutvikling og internundervisning.
  • Fysioterapioppgåver på andre avdelingar ved behov.
  • Samhandling med primærhelsetenesta.
  • Delta i helgevakt- og høgtidsturnus.
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut.
  • Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg.
  • Erfaring med arbeid i tverrfaglege team.
  • Erfaring med ortopediske problemstillingar.
  • Erfaring frå poliklinisk verksemd.
  • Ønskjeleg med kompetanse innan ortopedi, primært innan fagområda rygg, hofte og kne.
  • Ønskjeleg med erfaring som fysioterapeut på sengepostavdelingar.
Personlege eigenskapar
  • Du er ein engasjert person med gode kommunikasjonsevner.
  • Du må ha evne til å strukturere dagen din.
  • Du har høg arbeidskapasitet og evne til å arbeide effektivt, både sjølvstendig og som ein viktig del av vårt polikliniske team.
  • Du er framoverlent, løysingsorientert og ønskjer å vidareutvikle faget.
  • Du er fleksibel og har fagleg engasjement.
  • Du har gode evner til å engasjere og motivere.
  • Du tek initiativ og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Ordning med fadder og mentor for nytilsette.
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
  • Moglegheit til å være en del av et sterkt fagmiljø, samt være med å videreutvikle oppgavedeling og tverrfaglig poliklinikk.
  • Moglegheit for trening i arbeidstida.
  • Bli en del av eit godt arbeidsmiljø med høg kompetanse på mange ulike fagområde
  • Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Kontaktinformasjon Mari Bårdvik, Seksjonsleiar, (+47) 473 78 841Arbeidssted Svanehaugvegen 2
6812 FørdeNøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5009385762
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2025Kontaktperson for stillingenMari BårdvikSeksjonsleiar(+47) 473 78 841Kopier telefonnummerOm bedriftenHelse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.SektorOffentligNettsted

Helse Førde

Lignende stillinger

  • Spesialfysioterapeut/ fysioterapeut

    Helse Førde

    • Førde, Vestland
    Om stillinga Seksjonen Klinisk fysioterapi og førebygging har ledig 60% fast stilling for spesialfysioterapeut/ fysioterapeut: Arbeidsstad: Førde sentralsjukehus Oppstart: Om…
    • 5 timer siden
  • Spesialfysioterapeut/ fysioterapeut

    Helse Førde

    • Førde, Vestland
    Om stillinga Seksjonen Klinisk fysioterapi og førebygging har ledig 40% fast stilling for spesialfysioterapeut/ fysioterapeut: Arbeidsstad: Førde sentralsjukehus Oppstart: Om…
    • 5 timer siden
  • Spesialfysioterapeut/ fysioterapeut

    Helse Førde

    • Førde, Vestland
    Seksjonen Klinisk fysioterapi og førebygging har ledig 40% fast stilling for spesialfysioterapeut/ fysioterapeut: Arbeidsstad: Førde sentralsjukehus Oppstart: Omgåande. Vi h…
    • 6 timer siden