Miljøarbeidar - vikariat 80-100%
Vestland fylkeskommune Se alle jobber
- Vestland
- Midlertidlig
- Fulltid
- arbeide tett med elevar i kvardags- og opplæringssituasjonar.
- bidra aktivt i gjennomføring av mål og tiltak i IOP.
- støtte elevar i kommunikasjon, samhandling, aktivitet og medverknad.
- bidra til tryggleik, regulering og struktur i kvardagen.
- delta i stell, pleie, forflytting, måltid og ADL-aktivitetar.
- samarbeide tett med lærarar, helsefagleg personale og leiing.
- vere ein aktiv deltakar i fagleg refleksjons- og utviklingsarbeid.KvalifikasjonarVi søkjer deg som:- har interesse for, og helst erfaring frå arbeid med elevar med utviklingshemming, multifunksjonshemming og store og samansette behov. Du treng ikkje å vere faglært, men det er ein fordel med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar eller liknande utdanning med fagbrev, gjerne også med vidareutdanning frå fagskule.
- forstår at elevens meistring oftast er situasjons- og relasjonsavhengig.
- er roleg, tydeleg og trygg i møte med krevjande situasjonar.
- evnar å halde fokus over tid og arbeide systematisk.
- er lærevillig, trivst i lagarbeid og tek rettleiing på ein profesjonell måte.Personlege eigenskaparVi legg avgjerande vekt på personlege eigenskapar, og ser etter deg som:- er oppmerksam og fokusert på eleven.
- er oppmerksam og fokusert på eleven.
- er lyttande, raus og samarbeidsorientert.
- har gode reguleringsevner.
- møter elevar med respekt, tolmod og verdigheit.
- forstår eigen rolle i eit større fagleg system.
- ønskjer å bidra til eit trygt og utviklande miljø - også når arbeidet er krevjande.Vi tilbyr- arbeid i ei fagleg sterk og tverrfagleg avdeling med lang erfaring med elevgruppa.
- tett samarbeid mellom miljøarbeidarar, lærarar og avdelingsleiar.
- rettleiing og støtte i krevjande situasjonar.
- moglegheit til å vere med og utvikle praksis og felles fagleg språk
- eit arbeidsmiljø med vekt på tryggleik, samarbeid og profesjonalitet.Adresse:Klikk for å leggje til kartKontaktinformasjonIdar KløvningavdelingsleiarOm arbeidsgivarenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.