Helsefagarbeidar i heimesjukepleia

Tysnes kommune

  • Tysnes, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 15 dager siden
Om stillingaI heimetenesta er me med på å sikre gode, heilskaplege og trygge tenester til pasientar og brukarar i deira eigen heim.I takt med utviklinga i samfunnet aukar kompleksiteten og behov i heimane til innbyggarane vårt. Det gir ein unik mogelegheit til å bruke fagkompetanse og tileigne seg god erfaring. Oppgåvene du vert tildelt vert tilpassa erfaring og kompetanse. Me ivareteke basale pleiebehov og utfører prosedyrar. Me følger opp pasientane i en stabil kvardag og me fangar opp akuttsituasjonar og endringar i tilstand.Hos oss har me eit godt arbeidsmiljø der latteren sitt laust og me hjelper kvarandre.No søkjer me ny kollega til heimesjukepleia, i fast 74 % stillingStillinga går i to-delt turnus med arbeid kvar tredje helg.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:28.04.2024Arbeidsgivar:Tysnes kommuneStad:TysnesStillingstittel:Helsefagarbeidarar i heimetenesta 74 % fastStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:74Webcruiter-ID:4797959409Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Utføre dagleg omsorg og pleie til brukarane i samsvar med din kompetanse og etter planlagde tiltak.
  • Følgje opp planlagde tiltak og målsetjingar for den enkelt brukar.
  • Utføre særlege oppgåver, til dømes legemiddelhandtering, etter opplæring og skriftlege prosedyrar.
  • Journalføring og medverke til utarbeiding/endring av pleieplanar.
  • Bidra til utvikling av tenesta og eit godt arbeidsmiljø.
  • Som heimehjelpar yt du også praktisk bistand, som reinhald og handling.
Kvalifikasjonar
  • Fagbrev helsefagarbeidar.
  • Dersom me ikkje lukkast rekruttere helsfagarbeidar, kan assistent vært tilsett for eit år.
  • Relevant erfaring og kjennskap med brukargruppa er positivt.
  • Tverrfagleg forståing - saman yt me best teneste!
  • Førarkort kl. B.
  • Gode grunnleggjande datakunnskap.
  • God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.
  • Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing.
Personlege eigenskapar
  • Positiv, fleksibel og løysingsfokusert.
  • Fagleg engasjert, ansvarleg og har evne til etisk refleksjon.
  • Vere strukturert og god evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Evne til å takle utfordringar og finne gode løysingar.
  • Bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø og samarbeid med kollegaer.
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter.
  • Personlege eigenskapar for stillinga vert tillagt stor vekt.
Me tilbyr
  • Arbeid i to-delt turnus, kvar 3. helg.
  • Høgt fagleg nivå i personalgruppa.
  • Utfordrande, hektisk og lærerik arbeid i eit godt arbeidsmiljø.
  • God opplæring og fokus på fagleg kvalitet.
  • Løn etter kommunalt regulativ.
  • Gode pensjonsordningar gjennom KLP.
  • Ein inkluderande arbeidsplass, med gode rutinar for oppfølging og tilgong til bedriftshelseteneste.
MangfaldserklæringTysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.Adresse: Eining Open omsorg, Uggdalsdalen, 5685 Tysnes, NorgeKontaktinformasjonMargrete KlemmetsbyEiningsleiar open omsorgKristine TraneKommunalsjef helse og omsorgOm arbeidsgivarenDraumen om livet på landet, finn du på Tysnes!Tysnes er ein sentralt øykommune sør for Bergen, og om du spør oss: verdas beste kommune å veksa opp i!Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å leva og bu i.Tysnes er ein hjarteforma kommune nord i Sunnhordland. Perfekt for deg som er på jakt etter ein roleg og eventyrleg livsstil. Me har kort veg til kringliggande byar, og me trur du vil bli overraska over kor mykje kystkommunen har å tilby.Me har flotte badeplassar og skianlegg på fjellet, frodig natur og skiftande landskap. Frå høgfjell til idylliske hamner, med gode moglegheiter for friluftsliv.Eit rikt lags- og organisasjonsliv gjer eit variert fritidstilbod til både vaksne og unge. Småskalaprodusentar byr på ekte og økologiske smaksopplevingar. Øya byr på eit riktig kulturliv gjennom heile året, med Tysnesfest om sommaren som den største.Sentralt plassert, men likevel langt nok unna kjaset og maset til bylivet. Det betyr at du kan nyta frisk luft, kulturelle storhendingar og avslappande ro. Med uendelege høve til å utforska fjell og fjord, er Tysnes den perfekte staden å kalla heim.

Tysnes kommune