Fagradiograf MR

Helse Førde

  • Førde, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 26 dager siden
Om stillingaEr du fagleg engasjert og interessert i MR, samt opptatt av kvalitet og utvikling? Ønskjer du å bidra til å vidareutvikle MR tilbodet i seksjonen?
Ønskjer du fast jobb midt i flott vestlandsnatur med kort veg til fjell og hav, og på same tid ha tilgang på kafear, konsertar og butikkar?
  • Vi har ledig 100% fast stilling som Fagradiograf MR ved Førde sentralsjukehus.
Stillinga er ei dagstilling (37,5 t/veke), men om ønskjeleg kan ein avtale nokre seinvakter på MR i arbeidsplanen. Fagradiograf MR samarbeider med Radiograf 1 MR kring utføring av arbeidsoppgåver. Det ligg ikkje personalansvar knytt til stillinga.Seksjonen i Førde har stort fokus på kvalitet, og jobbar aktivt for god pasientflyt og fagleg utvikling. Vi set trivsel høgt og er ein arbeidsplass med flotte kollegaer og mykje humor. Seksjonen har omlag 50 tilsette, der 31 er radiografar. Vi har 2 MR-maskiner (Philips Ingenia 1,5T (2016) og Ingenia Elition X 3T (2022) ), 2 CT-maskiner, 3 konvensjonelle røntgen apparat, 2 digitale mobile apparat, 2 mammografiapparat (klinisk og screening), gjennomlysing/intervensjon/angio, samt 3 ultralyd apparat.Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar innan dei fleste fagområda. Sjå .Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og er den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Her er flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg kun ein tre timars køyretur sørover. Førde er eit handelssentrum med stort utval butikkar, samt gode tilbod innan kultur (konsertar, arrangement, kunst m.m.). Innan friluftsliv er det nærast uendelege moglegheiter. Vi ligg midt i flott vestlandsnatur omkransa av fjord og fjell, samt kort veg til kysten og havet. Tilhøva for fjellturar, langrenn, alpint, toppturar, kajakkpadling, fisking, sykling, klatring m.m. er mange og varierte.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:20.05.2024Arbeidsgivar:Helse FørdeStad:FørdeStillingstittel:Fagradiograf MRStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4787838840Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Planlegge og gjennomføre undersøkingar
  • Samarbeide med andre einingar og profesjonar
  • Utarbeide, tilpasse, optimalisere og revidere protokollar, prosedyrer, retningslinjer, informasjon m.m. innan MR
  • Gjennomføre undervisning og rettleie personale
  • Ta del ved innkjøp av utstyr, ha kontakt med leverandørar og Medisinskteknisk avdeling
  • Kvalitets- og utviklingsarbeid innanfor fagfeltet MR
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som radiograf
  • Meistre norsk godt både skrifteleg og munnleg.
  • Det er ønskjeleg med evne til god skriftleg framstilling på nynorsk
  • Minimum 3 års erfaring frå arbeid med MR
  • Utvida kompetanse og erfaring innan MR
  • Det er ønskjeleg med kompetanse og erfaring innan systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid.
  • Det er ønskjeleg at søkjar har vidareutdanning innan MR. Eventuelt må søkjar forplikte seg til å gjennomføre denne etter tilsetjing
  • God kunnskap i bruk av Office
Personlege eigenskapar
  • Fagleg engasjert og interessert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Initiativrik og handlekraftig
  • Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
  • Arbeider godt i team
  • Fleksibel
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.Vi tilbyr
  • Konkurransedyktig løn etter gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hyggeleg arbeidsmiljø
  • Fagleg utfordring og utvikling
  • Tilpassa opplæring
  • Arbeid i IA-bedrift
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.Adresse: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, NorgeKontaktinformasjonReidun BrekkeSeksjonsleiar FSSOm arbeidsgivarenHelse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Helse Førde