Badevakt - tilkallingsvikar

Midt-Telemark kommune

  • Midt-Telemark, Vestfold og Telemark
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 2 måneder siden
Gullbring Kulturhus er eit av dei største og mest brukte kulturhusa i Telemark, og er ein del av Midt-Telemark kommune. Huset blir besøkt av om lag 220 000 menneske årleg. Vi driv kino, idrettshall, symjebasseng, konsertsal, kulturskule og har ti andre ulike større og mindre møterom, i tillegg til fleire leigetakarar innan kultur og idrett/fritid. Alt dette er knytt saman med ein stor kafé i vår lobby, Framstugo.Me søkjer badevakt/kulturhusmedarbeider til vårt kulturhus som tilkallingsvikar. Arbeidstida er primært på ettermiddagar, kveldar og i helg.I Gullbring vil du ha varierte oppgåver i løpet av veka. Du vil sikre tryggleiken til dei som bader i bassenget, mulighet for vakter i kafe og å operere kinoutstyret. Det vil alltid vere fleire på jobb som arbeider saman som eit team. Opplæring vil bli gitt på alle område, og ein må bestå ein livredningsprøve før ansettelse.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:30.09.2025Arbeidsgivar:Midt-Telemark kommuneStad:Webcruiter-ID:4985522964Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Badevakt
  • Ivaretaking av tryggleiken til publikum
  • Handtering av publikum
  • Generelt reinhald og vedlikehald av utstyr
  • Håndtering av tilbakemeldingar på ein profesjonell måte
  • Bistå ellers i huset ved behov
KvalifikasjonarKrav til kvalifikasjonar
  • Gode svømmeferdigheiter og bestått livretningsprøve, som må gjennomførast hos oss før tilsetting.
  • Være fylt 18 år
Ønska kompetanse
  • Kvinner oppfordrast til at søkje
  • Erfaring fra liknande stillingar
  • Søkjar bør kunne meistre begge målformer
Særskilde krav
  • Bestått livredningsprøve før oppstart i arbeidet
Personlege eigenskapar
  • Sjølvstendig, tenesterett og tilpasningsdyktig
  • Gode samarbeidsevner og vilje til å ha varierte arbeidsdagar
Vi tilbyr
  • E-læringskurs for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.Adresse: Gullbringvegen 34, 3800 Bø, NorgeKontaktinformasjonTrine BroxAvdelingsleiarOm arbeidsgivarenI staben (den sentrale administrasjonen) jobbar me for heile kommunen. Me er tre einingar som ivaretek oppgåver innan personalforvaltning, kommunikasjon, service, arkiv, politisk sekretariat og økonomiforvaltning. Kultur og fritid er også organisatorisk plassert i staben. Staben er i hovudsak ein tilretteleggar, rådgjevar og støtte til leiarane i rolla deira. Me skal sørgje for gode arbeidsprosessar, system, retningslinjer ol., og bidra til å sikre god medråderett mellom tilsette og kommunen som arbeidsgjevar. Me har også ansvar for informasjon og dialog med innbyggjarane gjennom ma. heimeside og sosial medie.Staben blir leia av assisterande kommunedirektør og held til i kommunehuset i Bø.Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Midt-Telemark kommune