Sjukepleiar - heimetenesta i Ytre Haram

Haram kommune

  • Brattvåg, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 16 dager siden
Om stillingaVi søkar etter to sjukepleiarar i 100% stilling, for tiden til heimetenesta i Ytre Haram, som er lokalisert i Brattvåg. Stillingane er for tida i turnus, med arbeid på dag/kveld og kvar 4. helg, der helgevaktene er langvakter på 12,5 t.Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å være ein arbeidsplass der ein opplev trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommuna sine BPA ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i våre avdelingar, fokuserer på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane.Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:28.04.2024Arbeidsgivar:Haram kommuneStillingstittel:Sjukepleiar HT Ytre HaramStillingar:2Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4796265092Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Ivareta oppgåver knytt til stillinga som sjukepleiar.
  • Pleie og omsorg til brukarar.
  • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og elevar/lærlingar/studentar.
  • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
  • Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar.
  • Bidra til eit godt samarbeid mellom brukar og pårørande.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som sjukepleiar, eller ferdig utdanna sjukepleiar i 2024.
  • Førarkort klasse B.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
  • Personleg eignaheit vert vektlagt.
Personlege eigenskapar
  • Du må vere oppteken av fag og framtid.
  • Du må vere løysingsorientert og engasjert.
  • Du må kunne rettleie kollegaer og elevar/lærlingar/studentar.
  • Du må kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
  • Ein spennande arbeidsplass med base i Brattvåg.
  • Eit godt fagmiljø og god kollegastøtte.
  • Vi har stort fokus på teknologi og alternative måtar å arbeide på.
  • Løn etter tariff.
Adresse: Haramssenteret, Storgata 18, 6270 Brattvåg, NorgeKontaktinformasjonGrete GryttenAvdelingsleiarE-post: grete.grytten@haram.kommune.noIngrid Beate MathisenTenesteleiarE-post: ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.noOm arbeidsgivarenEtter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med ÅlesundKommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Haram kommune