Intensivsjukepleiar? Bli ein del av MIO-teamet
HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS
- Haugesund, Rogaland
- Fast
- Fulltid
Vi tilbyr fleksibilitet i både lengda og tidspunkt for vaktene - og vi lyttar gjerne til dine ønskje. Vakthelg blir det kvar tredje helg, men elles har du stort rom for å få ein kvardag som passar deg. I tillegg har vi noko å gle oss til: Det blir bygd nye, moderne MIO-lokalar - klare til innflytting på nyåret 2027!✨ Bli med på laget vårt - søk no!Kva går jobben ut på?
- Mottak og sjukepleiarfagleg ansvar for akutt kritisk sjuke pasientar.
- Gi god omsorg for pasientar og pårørande.
- Setja i verk og vidareføra behandling i samarbeid med pasientansvarleg lege.
- Bruk av avansert medisinsk teknisk utstyr (MTU).
- Tett samarbeid med andre tverrfaglege yrkesgrupper.
- Rettleiing av kollegaer og studentar i vidareutdanning i intensivsjukepleie.
- Tolking av EKG/rytmar (scopsentral - overvaking).
- Vere med på å utvikla og forbetra avdelinga si arbeid innanfor ulike fokusområde.
- Inngå i tredelt turnus.
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Vidareutdanning i intensivsjukepleie.
- Relevant sjukehuserfaring og erfaring.
- Kjennskap til medisinsk teknisk utstyr.
- Kjennskap til hjartepasientar og akutt kritisk sjuke.
- Fagleg engasjert og interessert.
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
- kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande eller krevjande situasjonar
- eg god på å tilpassa og formidla kompleks informasjon til pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
- har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa, og ønsker å vidareutvikla kompetansen din
- Høgt fagleg nivå.
- Oppfølging og opplæring.
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø.
- Ein spennande, meiningsfull og utfordrande jobb.
- Fagleg utvikling gjennom fagdagar og simuleringstrening.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA).
5528 HAUGESUNDNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4961426882
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.09.2025Kontaktperson for stillingenAnna FlotveFunksjonsleiar41863981Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenHelse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her .SektorOffentligNettsted