
Allsidig og spennande stilling som sjukepleiar - kombistilling
- Førde, Vestland
- Fast
- Fulltid
For denne stillinga vil det primært vere innanfor lungefeltet, der ein blant anna utfører lungefunksjonstestar, assisterar ved bronkoskopiar og har ein del oppfølgings- og opplæringsarbeid . Det vil vere ein fordel med erfaring innan fagfeltet og med poliklinisk arbeid.Medisinsk sengepost 1 og 2 har totalt 32 senger og har eit tett samarbeid. Hovudfagfelta innan medisin 2 er mage/tarm, lunge, lungekreft & utgreiing. Hovudfagfelta innan medisin 1 er nyre, endokrinologi og hjartesjukdommar. Elles har vi mykje andre generelle indremedisinske problemstillingar.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:08.09.2025Arbeidsgivar:Helse FørdeStad:FØRDEStillingstittel:Sjukepleiar - kombistillingStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4982061176Sosial deling :ArbeidsoppgåverSom sjukepleiar i kombistilling, vil du møte akutte og kronisk sjuke pasientar med ulike sjukdomsbilete, mange av pasientane er eldre med samansette helseplager.Arbeidet er tverrfagleg og vi samarbeider også med pårørande og primærhelsetenesta.Vi brukar DIPS som journalsystem og ein vil bruke dette mykje i det daglege. På sengepost brukar ein elektronisk kurve i MEONA.KvalifikasjonarSøkjar må vere autorisert sjukepleiar/spesialsjukepleiar. Avdelinga set fokus på auka kompetanse og det er mogleg å legge til rette for vidareutdanning innan våre hovudfagfelt. Det vil være ein fordel om du har erfaring frå sengepostarbeid eller poliklinikk frå tidlegare, men ikkje påkrevd.Personlege eigenskaparVi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team.Ei av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss.Vi tilbyrMedisinsk sengepost og poliklinikk tilbyr trygg og god opplæring. Vi har fokus på å styrkje sosial tilhøyrsle og trivsel på arbeidsplassen med årlege treffpunkt.Arbeid på sengeposten er i 3-delt turnus og vi tilbyr langvakter på helg om det er eit ønske.Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Adresse: svanehaugvegen 2, 6812 FØRDE, NorgeKontaktinformasjonAnne Mari IndrebøSeksjonsleiar medisinsk sengepost 2E-post: anne.mari.indrebo@helse-forde.noLine-Anita HjorthaugSeksjonsleiar Medisinsk poliklinikkOm arbeidsgivarenHelse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.