Barne- og ungdomsarbeider - 100 % vikariat

Vinje kommune

  • Vinje, Vestfold og Telemark
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 10 dager siden
Øyfjell oppvekstsenter er organisatorisk sett ein kombinert barnehage og barneskule, som ligg i vakre Vinje kommune. Øyfjell er ei levande bygd med mykje aktivitet, der barnehage og skule er ein viktig del av lokalmiljøet. Både barnehage og skule har nærleik til flott natur, og brukar nærområdet mykje til aktivitetar og turar. Me har store og fine uteområde til leik og læringsaktivtetar, og har mellom anna skulehage, ljosløype, ballbinge, gapahuk og grillhytte. Me er om lag 20 barn i barnehagen og 32 elevar i skulen.Me ynskjer oss tilsette som er tydelege, inkluderande, engasjerte og som har hjarte for arbeid med barn og unge. Me legg stor vekt på trygt og inkluderande læringsmiljø, der både barn og tilsette kan trivast og utvikle seg.Har du lyst til å vere med å utvikle arbeidet ved Øyfjell oppvekstsenter, vil me gjerne ha deg med på laget vårt i barnehagen.Velkomen som søkjar!Arbeidsoppgåver
  • Delta i barna sin leik og aktivitet, ute og inne.
  • Vere medansvarleg for barna sin heilskaplege trivsel og utvikling.
  • Delta aktivt i det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdeling.
  • Skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barna.
  • Bidra til lærande fellesskap i barnehagen.
  • Bidra til godt samarbeid med kollegaer, føresette og andre samarbeidspartnarar.
  • Bidra til at barnehagen har godt omdømme.
Kvalifikasjonar
  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeider.
  • Anna relevant utdanning innanfor barnehage og skule kan bli vurdert.
  • Erfaring frå liknande arbeid i barnehage eller skule kan kompensere for utdanning om me ikkje får fagutdanna.
  • God munnleg og skriftleg kompetanse.
  • Du må ha IKT-kunnskapar.
Personlege eigenskapar
  • Du er engasjert og tek initiativ.
  • Du er fleksibel og finn løysingar.
  • Du kommuniserer godt med kollegaer, barn, føresette og andre samarbeidspartar.
  • Du må vera glad i aktivitet, både inne og ute.
  • Du må trivast i ein hektisk kvardag.
  • Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Me tilbyr
  • Eit godt fagleg miljø med fokus på kvalitet.
  • Varierte og spennande utfordringar.
  • Ein arbeidsplass prega av humor og glede.
  • God forsikrings- og pensjonsordning.
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar.
Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå NOKUT og UDIR for å få jobb.Ved ny tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.Kontaktinformasjon Unni Kristensen, Ass. verksemdsleiar, 97176385,
Maria Bruleite Bjåen, Verksemdsleiar, 91719899,Arbeidsstad Kyrkjevegen 25
3890 VinjeNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5006838188
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 06.10.2025
Sluttdato: 14.08.2026
Søknadsfrist: 08.09.2025Kontaktpersoner for stillingenMaria Bruleite BjåenVerksemdsleiar91719899Kopier telefonnummerKopier e-postadresseUnni KristensenAss. verksemdsleiar97176385Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenMe ynskjer deg velkomen til Vinje!Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.Me håpar du vil trivast hjå oss!SektorOffentlig

Vinje kommune

Lignende stillinger

  • Lærarar - inntil 200 % vikariat

    Vinje kommune

    • Vinje, Vestfold og Telemark
    Åmot skule treng fleire dyktige lærarar! Er du ein engasjert og autoritativ lærar håpar me at du søkjer deg til oss! Åmot skule ligg sentralt i Åmot, i Vinje kommune. Me er ein 1…
    • 2 dager siden
  • Tilkallingsvikar - Åmot skule

    Vinje kommune

    • Åmot, Vestfold og Telemark
    Om stillinga Åmot skule ligg sentralt i Åmot, i Vinje kommune. Me er ein 1-10 skule med om lag 160 elevar frå alle verdas hjørne. Me ynskjer oss vikarar som er tydelege, inkluder…
    • 2 måneder siden