Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 6 milliardar i omsetnad og ca. 2200 medarbeidarar. Vi har butikkar i 46 kommunar, frå Åfjord i nord til Lærdal i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vår verksemd er i første rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandels- og byggevarebutikkar. Vi er eigd av våre 189 000 medlemmar, og vert drive etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å vere eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsett bransje, møter vi heile tida nye konkurranseforhold og utfordringar. Måten vi møter dei på, avgjer om kunden framleis vil velje oss framfor konkurrentane.Har du lyst på sommarjobb i butikk?Vi søkjer ein engasjert og blid medarbeidar som likar ein utfordrande og variert arbeidsdag. Du er oppteken av å gje god service, og bidreg aktivt til at kundane våre trivst. I sommarsesongen vil arbeidsturnusen være både på dagtid/ kveld og laurdagar.Arbeidsoppgåvene dine blir:
Kundehandsaming
Varemottak / Vareplassering
Kasse
Førefallande reinhald og rydding
Våre forventningar til deg:Du er hjelpsam og imøtekommande, og set alltid kunden først. Du jobbar effektivt og målretta, kan være fleksibel, og jobbar godt både sjølvstendig og i team. Det er viktig for oss at du bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Du må kunne godt norsk, både skriftleg og munnleg, og du må være fylt 18 år.Hjå oss får duVarierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får god opplæring og høve til ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-kurs program. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtalar.Interessert?Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef Viktorija Dobile på tlf. +4746580211Søknad og CV registrerast på:Søknadsfrist: 15.mai 2026