Vikariat barnehagelærar
TENNFJORD BARNEHAGE
- Møre og Romsdal
- Midlertidlig
- Fulltid
- Medansvar for å iverksette og leie det pedagogiske arbeidet på si avdeling/ base, i tråd med ramme - og lovverk (jf. Barnehageloven og Rammeplan for barnehage)
- Rettleie og sørge for at barnehagelova og rammeplanen vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet
- Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa eller innanfor dei områda han/ho er sett til
- Levere oppdatert politiattest
- Jobbe i tråd med barnehagelova
- Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må fylle språkkrav jamfør Barnehagelova § 18b.
- Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjer
- Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring, samt å arbeide etter Tennfjord barnehage sin visjon; Vi gjer kvarandre gode
- Jobbe sjølvstendig og vere synleg i gruppa
- Motivere og vere ein pådrivar i både det praktiske og faglege arbeidet
- Bruke kompetansen du har, samt halde deg oppdatert både fagleg og det som elles skjer på eigen arbeidsplass
- Vere kreativ, jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping
- Vere bidragsytar i ein levande og lærande organisasjon, både i kvardagen og på personalmøte, planleggingsdagar og i oppfølging av kurs
- Reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov
- Jobbe målretta, syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus
- Samarbeide med styrar, pedagogisk leiar, andre tilsette, føresette og eksterne samarbeidspartnarar som til dømes skule, PPT, barnevern og helsestasjon
- Vere ein god rollemodell
- Vere inkluderande og bidra til eit godt arbeidsmiljø/ psykososialt miljø for både barn og vaksne, her under utøve nulltoleranse for mobbing og andre krenkingar jf barnehageloven
- Sikre barna sin rett til medverknad og involvering
- Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader
- Løn etter gjeldande tariff
- God pensjonsordning
6264 TennfjordNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5099214526
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 27.04.2026Kontaktperson for stillingenGro Olsen JenssenStyrar95199275Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenHaram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.SektorOffentligNettsted