Sjukepleiar - 100% vikariat i heimetenesta
Askvoll kommune Se alle jobber
- Vestland
- Midlertidlig
- Fulltid
Sjukepleiar i 100% vikariat frå snarast til og med 30.04.2027. Stillinga inneber arbeid etter 35,5 t/veke med arbeid 4. kvar helg, og langvakter på helg. Stillinga er stasjonert på øyane Værlandet / Bulandet.Arbeidsoppgåver:
- Utøve direkte sjukepleie til pasientar og brukarar med utgangspunkt i "kva er viktig for deg?"
- Medverke til at sjukepleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet
- Tilrettelegge for å nytte velferdsteknologiske løysingar
- Dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningsliner og prosedyrar
- Ha sjukpleiefagleg ansvar i gruppa og deltar i sjukepleiefagleg bakvaktsordning ved behov
- Medikantmenthandtering
- Delta i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid både internt i kommunen og eksternt
- Medverke til god informasjonsflyt
- Pliktar å halde seg oppdatert innanfor sitt eige fagfelt og delta i aktuelle møter og opplæringstiltak
- Rettleie pasientar, pårørande og andre tilsette, studentar og elevar
- Medverke til eit godt samarbeidsmiljø
- Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverkty, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Ved mangel på kvalifiserte søkarar kan andre med relevant utdanning/erfaring søkje og bli mellombels tilsett
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Den som blir tilsett må ha førarkort
- Det er krav om framlagd politiattest ved oppstart
- Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
- Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
- Like utfordringar og er løysingsorientert
- Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
- Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
- Mogelegheit for sletting av studielån i samsvar med den nye statlege støtteordninga, der du etter eitt år tilsetjing/opptening kan få sletta 25 000 kr av studielånet ditt kvart år dersom du vel å bu i usentrale kommunar. Dette skal motivere folk til å bu i distrikta og halde høge kompetansenivå i desentraliserte kommunar. Askvoll kommune er innan denne ordninga, men du er sjølv ansvarleg for å søkje om dette hos Statens lånekasse.
- Lokalt tillegg på kr 40 000.- over garantiløn etter tariff sjukepleiarar/vernepleiarar.
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP
- Flyttegodtgjersle ved nytilsetjing ifølgje personalhandbok for Askvoll kommune