Bygdeutviklar eitt års vikariat

Lærdal kommune Se alle jobber

  • Lærdal, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 8 timer siden
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert - tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.Me søkjer no etter bygdeutviklar med hovudarbeidsfelt innan landbruk.Stillinga er plassert under kommunalområdet samfunn, kultur og næring, der hovuddelen av arbeidsoppgåvene er knytte til landbruksforvaltninga. Landbruksforvaltninga er organisert som eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Årdal, Lærdal og Aurland.Me ser etter deg som ønskjer å arbeide med landbruksforvaltning og natur- og landbruksbasert næringsutvikling. Du bør vere fleksibel og initiativrik, kunne arbeide sjølvstendig og ha gode evner og vilje til samarbeid og kommunikasjon, både med kollegaer og publikum.Ønskjelege kvalifikasjonarRelevant høgare utdanning tilsvarande bachelorgrad (180 studiepoeng). Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning. * God digital kompetanse
  • Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
  • Praksis og erfaring med offentleg forvaltning er ein føremon
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåver som er tillagde stillinga omfattar mellom anna:
  • Forvaltning av ulike landbruksrelaterte tilskotsordningar
  • Forvalting av lover og regelverk innan landbruksforvaltning og offentleg forvaltning
  • Sakshandsaming av politiske saker
  • Rådgjeving og informasjonsarbeid knytt til arbeidsoppgåvene i stillinga
  • Oppgåver knytte til natur- og landbruksbasert næringsutvikling
  • Pådrivar for satsing og utvikling av lokal mat og drikke
  • Besøksforvaltning
  • Andre arbeidsoppgåver må påreknast
Me tilbyr
  • Ein variert arbeidskvardag
  • Fleksitidsordning etter avtale
  • Konkurransedyktige lønsvilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Engasjerte kollegaer i eit variert fagmiljø
Om Lærdal kommuneDet kan nemnast at Lærdal kommune mellom anna har:
  • Full barnehagedekning
  • Gratis fulltids-SFO for 1. og 2. klasse, samt gratis deltids-SFO for 3. klasse
  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
  • Eit variert kommunalt kulturprogram, i tillegg til alt anna som skjer i bygda

Lærdal kommune