Snikkar - Herøy Produksjon

Herøy kommune

  • Fosnavåg, Møre og Romsdal
  • Fast
  • Fulltid
  • 4 timer siden
Om stillingaHar du interesse for trearbeid og ønska å bidra i eit meiningsfullt arbeidsfellesskap? Herøy Produksjon er ei tilrettelagt bedrift for menneske med ulike funksjonsvanskar, og vi søkjer no ein engasjert snikkar til vårt team.Seksjon gneis har ledig ei 100% stilling som snikkar frå 01.01.26, arbeidsstaden er for tida Herøy Produksjon med dagarbeid.Som snikkar hos oss vil du ha ei variert rolle med både praktiske og pedagogiske oppgåver. Ein viktig del av jobben er å tilrettelegge og rettleie menneske med ulike behov i arbeidskvardagen. Du vil vere med på å utvikle produkt, lage malar og bidra til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.Herøy produksjon tilbyr også digitalisering av film og bilete, i ei kreativ avdeling med fokus på mindre små produkt og produkt på bestilling.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:25.09.2025Arbeidsgivar:Herøy kommuneStad:FOSNAVÅGStillingstittel:SnikkarStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4992363947Startdato:01.01.2026Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • tilrettelegging og rettleiing av arbeidstakarar
  • vere kreativ, utvikle nye produkt og produksjon av trevarer mm.
  • lage malar og prototypar
  • dokumentere i journal
  • målretta miljøarbeid
Kvalifikasjonar
  • fagbrev som snikkar eller erfaring innan snikkararbeid
  • relevant erfaring med tilrettelagt arbeid er ein fordel
  • gode samarbeidsevner og evne til å rettleie
  • praktisk sans og interesse for trearbeid
  • kreativitet og løysningsorientert tilnærming
  • kan bruke IKT og velferdsteknologi som arbeidsverktøy
  • førarkort klasse B
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i webcruiter saman med søknaden.
Godkjend politiattest må leggast fram før tilsetting.Personlege eigenskapar
  • har evne til teamarbeid, samarbeid og sjølvstendig arbeid
  • er målretta, kreativ og strukturert
  • er løysningsorientert og fleksibel
  • vil vere ein god rollemodell
  • har evne til å engasjere og motivere
  • har gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
  • set pris på å arbeide med og i lag med menneske
Vi legg vekt på at søkaren er eigna for stillinga.Vi tilbyr
  • utfordrande, varierte, interessante arbeidsoppgåver og gode kollegaer
  • løn etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement
  • IA-bedrift
  • pensjonsordning
  • tverrfagleg yrkesgruppe
Herøy kommune er i kommunegruppe 5. Dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.Adresse: Kvithaugsmyra 4, 6092 FOSNAVÅG, NorgeKontaktinformasjonBeate LyshagenSeksjonsleiarE-post: beate.lyshagen@heroy.kommune.noLene MurenSeksjonsleiarE-post: lene.muren@heroy.kommune.noOm arbeidsgivarenHerøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !

Herøy kommune

Lignende stillinger

  • Snikkar - Herøy Produksjon

    Herøy kommune

    • Fosnavåg, Møre og Romsdal
    Arbeidsoppgåver tilrettelegging og rettleiing av arbeidstakarar vere kreativ, utvikle nye produkt og produksjon av trevarer mm. lage malar og prototypar dokumentere i journal…
    • 4 timer siden
  • Snikkar - Herøy Produksjon

    Herøy kommune

    • Fosnavåg, Møre og Romsdal
    Har du interesse for trearbeid og ønska å bidra i eit meiningsfullt arbeidsfellesskap? Herøy Produksjon er ei tilrettelagt bedrift for menneske med ulike funksjonsvanskar, og vi sø…
    • 5 timer siden
  • Maskinkjører til masseproduksjon

    AURVOLL OG FURESUND AS

    • Fosnavåg, Møre og Romsdal
    Hva vi ser etter Vi ser etter deg som liker utfordringer og kan bidra til god og sikker produksjon gjennom ansvar og godt samarbeid. Pågangsmot og interesse er viktige egenskaper…
    • 7 dager siden