Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
- Ålesund, Møre og Romsdal
- Fast
- Deltid
Psykose sengepost Sunnmøre
Akutt psykisk helse Sunnmøre
Alderpsykiatri Sunnmøre
Allmennpsykiatri Sunnmøre
Sikkerhetspsykiatri Sunnmøre
Spesialisert habiliteringAlderspsykiatri Sunnmøre består av ein poliklinikk og ein døgnpost med 6 sengar. Arbeidsstad vil vere ved døgnpost.
Seksjonen er tverrfagleg samansett av legespesialistar, lege i spesialisering, spesial ergoterapeut, geriatrisk og psykiatrisk sjukepleiar, vernepleiar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar og merkantile ressursar. Døgnposten har fokus på utredning og behandling, og har eit høgt fagleg fokus. Poliklinikken tek imot pasientar i eigne lokale eller ved besøk heime eller på institusjon.
Målgruppa er personar over 65 år med nyoppstått psykisk liding bl.a depresjon, angst, psykose og eller ulike demenstilstander med nevropsykiatriske symptom (NPS).Vi har godt samarbeid internt i seksjonen mellom døgnpost og poliklinikk samt andre instansar i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.Arbeidsoppgåver
- Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientane
- Til ei kvar tid halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar
- Fylje seksjonen sine kompetansehevingstiltak, delta aktivt i seksjonen si utvikling
- Ansvarsvakt med dei oppgåver og ansvar det inneber
- Dokumentasjon
- Medikamenthandtering - ha medisinansvar
- Gi rettleiing og opplæring til nye kollega
- Pasientnært arbeid
- Delta i obligatorisk opplæring og trening i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk) for trygg handtering av utfordrande situasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Ønskeleg med vidareutdanning innan psykiatri eller geriatri
- Meistre norsk skriftleg og munnleg
- Det er ønskeleg med erfaring frå alderspsykiatri.
- God digital kompetanse - gjerne kjennskap til Helseplattformen
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
- Du har evne til å arbeide i tverrfaglege team
- Du har gode kommunikasjons - og samarbeidsevner
- Du kan arbeide sjølvstendig
- Du tek initiativ
- Du er løysingsorientert, nytenkande og fleksibel
- Du er medverkar til eit godt psykososialt arbeidsmiljø
- Du er omstillingsdyktig
- Du har stor arbeidskapasitet - fysisk og psykisk egna til stillinga
- Du er ein relasjonsbyggar
- Godt tverrfagleg samarbeid
- Eit støttande kollegamiljø
- Arbeidskle
- Fagleg utvikling - fagdagar
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
6017 ÅlesundNøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5103940185
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 01.05.2026Kontaktperson for stillingenPamela Riise LoeSeksjonsleiarKopier e-postadresseOm bedriftenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjåSektorOffentligNettsted