Om stillingaKvinnherad vidaregåande er ein kombinert vidaregåande skule med eit variert tilbod av yrkesfag og studiespesialiserande programfag. KVV har som mål å vere ein tydeleg og aktiv pådrivar i utviklinga av Kvinnherad. Målsetjinga vår er å vere den viktigaste møteplassen og lærestaden for ungdom i Kvinnherad.På KVV er me stolte av å skape eit inkluderande og positivt læringsmiljø. Vi har gjennom prosjektet "Ulikt utgangspunkt, like sjansar" eit stort fokus på inkluderande praksis og tilpassa opplæring. Det betyr at vi jobbar for at det spesialpedagogiske skal gå hand i hand med den ordinære opplæringa, og at alle elevar skal kjenne seg fagleg og sosialt inkluderte i fellesskapet. Kvinnherad vidaregåande skule har ledig 50% vikariat skuleåret 2026/2027 som miljøkoordinator.Miljøkoordinator skal arbeide systematisk og målretta med skulemiljø og elevtrivsel. Stillinga er knytt til skulen sitt førebyggjande arbeid for å sikre eit trygt og godt skulemiljø, redusere fråvær og hindre fråfall. Stillinga er ei deltidsstilling som eventuelt kan kombinerast med annan relevant funksjon.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:20.04.2026Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommuneStillingstittel:MiljøkoordinatorStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:AnnaStillingsprosent:50Webcruiter-ID:5108823911Sosial deling :Arbeidsoppgåver
Planlegge og gjennomføre miljøskapande og førebyggjande tiltak
Arbeid mot mobbing, utestenging, rus og vald
Oppfølging av enkeltelevar og elevgrupper
Sosialpedagogiske samtalar og tiltak
Samarbeid med rådgjevar, skulehelsetenesta og eksterne instansar
Bidra til godt klassemiljø og elevmedverknad
Delta i og organisere aktivitetar i og utanfor skuletid
KvalifikasjonarVi søkjer etter deg som har 3-årig U/H-utdanning (min. 180 studiepoeng), med vekt på sosialpedagogiske fag som t.d. sosionom, vernepleiar, sjukepleiar og pedagogikk. Erfaring med systemarbeid knytt til utvikling av klasse- og skulemiljø vil vera ein fordel.Personlege eigenskaparPersonlege eigenskapar blir vektlagt. Vi ser etter deg som kommuniserer godt med elevar med særskilte behov og læringsutfordringar, og som kan samarbeide i team med føresette og kollegaer. Sterke relasjons- og samarbeidsevner vil bli vektlagt.
Gode relasjons- og samarbeidsevner
Trygg og tydeleg vaksenrolle
Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
Engasjement for elevmiljø og førebyggjande arbeid
Initiativrik
Vi tilbyr
Eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø
Tett samarbeid med faglege kollegaer og leiing
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Løn, pensjons- og forsikringsordningar etter gjeldande avtaleverk
Stillinga følgjer eit ordinært arbeidsår pga. moglege behov for tiltak etter skuletid og i feriar.Adresse:KontaktinformasjonMorten VevatnerektorOm arbeidsgivarenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.