Vikariat fysioterapeutBli med i vårt positive fagmiljø! Vi søker autorisert fysioterapeut for barn og unge!Om arbeidsstadenHelse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.Ergoterapi og fysioterapitenesta har sju tilsette, som arbeider med førebygging, behandling og trening for born, vaksne og eldre. Tenesta hjelper og til med tilrettelegging og tilpassing av hjelpemidlar. Tilbudet rettar seg mot personar som treng hjelp til å ivareta eller forbetre funksjonsevna si.Ansvar og arbeidsoppgåverFysioterapeuten vil arbeide inn mot barn og unge i alderen 0-16 år i samarbeid med ergoterapeut i tenesta, og det vil også være arbeidsoppgåver inn mot vaksne og eldre. Fokusområda blir førebyggande arbeid, rehabilitering, habilitering og tilrettelegging. Fysioterapeuten vil i stor grad arbeide på barna sin arena i barnehage, skule, på helsestasjon, i heimen, i basseng og ved Helsehuset. Aktuelle arbeidsoppgåver vil vera kartlegging, oppfølging, screening og testing av barn og unge. Andre arbeidsoppgåver er tilrettelegging på barn sine ulike arena og trening i basseng. I fysioterapeutstillinga blir tverrfagleg samhandling, arbeid med individuell plan og koordinator viktige arbeidsoppgåver, og det å kunne veilede og formidle kunnskap til føresette, andre yrkesgrupper og samarbeidspartnarar.KvalifikasjonskravFormelle kvalifikasjonskrav:
Autorisert fysioterapeut
Erfaring og kompetanse innan barn og unge er ein fordel
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Systemforståelse og ferdigheiter innanfor data- og fagprogrammer
Den som blir tilsett må levere tuberkuloseattest og politiattest iht. forskrift
Førarkort for personbil
Det er krav om gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar:
Evne til å motivere og bygge gode relasjonar
Søkar må vere personleg eigna til stillinga
Fagleg engasjert og likar å arbeide med mennesker
Evne til god samhandling og til å jobbe tverrfaglig og i team
Ansvarsbevisst og løysningsorientert
Strukturert, fleksibel og sjølvstendig
Vi tilbyr
Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
Spanande utfordringar og varierte arbeidsdagar
Løn etter kvalifikasjonar
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Godt tverrfaglig samarbeid
Helsehus med fine lokaler
Bil i teneste
Mogleg å pendle
Slik søker du på stillingaSend søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.Om AustevollAustevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!