Spesialsjukepleiar kardiologi - 60% vikariat

Helse Bergen HF, Hjarteklinikken

  • Bergen, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 30 dager siden
Om stillingaHjarteklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er ei spesialavdeling der all utgreiing og behandling av hjartesjukdommar er samla. Klinikken driv med høgspesialisert utgreiing og behandling innan følgande område; ikkje-invasiv diagnostikk og behandling, thorax-kirurgi, intensiv- og overvaking, pacig, tacchyarytmi, preventiv kardiologi, kongenitt kardiologi. Utviklinga innan behandlingsmetodar er i kontinuerleg utvikling og forskingsaktiviteten er høg. Hjarteklinikken har to store sengepostar (hjartemedisinsk og thoraxkirurgisk), ei intensiv- og overvakingseining, samt eining for hjarteintervensjon.Hjarterehabiliteringa søker etter engasjert og arbeidsam spesialsjukepleiar til 60% vikariat. God opplæring vil bli gitt.Hjarterehabiliteringa er ein del av Hjarteklinikken si preventive eining. Her kjem pasientar til rehabilitering etter hjarteinfarkt, utført invasiv intervensjon (PCI) og hjartekirurgi, hjartesvikt, angina pectoris, arytmiar og ICD. I tillegg har dei ein Lipidpoliklinikk.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:12.04.2026Arbeidsgivar:Helse Bergen HFStillingstittel:Spesialsjukepleiar kardiologi. 60% vikariatStillingar:1Heiltid / Deltid:DeltidTilsetjingsform:VikariatStillingsprosent:60Webcruiter-ID:5098110718Startdato:10.08.2026Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Utføre oppgåver knytt til organisering av hjarterehabiliteringa
  • Utføre kardiologiske belastingstester (inkl. ergospirometri) sjølvstendig
  • Undervising og sjølvstendig rådgiving til pasientar innan sekundær førebygging og sjukdomslære
  • Delta og gjennomføre intervalltrening med pasientane
  • Jobbe ved Lipidpoliklinikken ved å ta EKG/BT og assistere legen
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar med kardiologisk utdanning
  • Erfaring frå liknande avdeling er ønskeleg
Personlege eigenskapar
  • Må kunne arbeide strukturert og sjølvstendig
  • Må kunne jobbe i team i eit aktivt og fagleg miljø
  • Bør ha kunnskap i sekundær førebygging av hjartesjukdommar
  • Ha kunnskap i sjukdomsforløp for å informere pasientar om hjarteinfarkt, angina, hjartesvikt, rytmeforstyrrelsar, medisinar, kunnskap om biverknadar
  • Samarbeidsvilleg og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Adresse: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, NorgeKlikk for å leggje til kartKontaktinformasjonEva Kristine Ringdal PedersenSeksjonsleiar/overlegeE-post: eva.kristine.ringdal.pedersen@helse-bergen.noOm arbeidsgivarenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Helse Bergen HF, Hjarteklinikken