Vi søkjer helsefagarbeidar i 80 % fast stilling (mulighet for 20 % i vikarpool ) på eine demens avdelinga vår. Stillinga er turnusarbeid, med arbeid kvar 4. helg og med 12,5 t. langvakter. Andre stillingsbrøkar kan bli ledige ved intern omrokkering.Husnestunet er ein institusjon for eldre og menneske som treng pleie, omsorg og opptrening i ulike livsfasar. På Husnestunet er det to kortidsavdelingar. Den eine avdelinga har 10 plasser, derav to ØH senger, den andre avdelinga har 12 kortidsplassar. Det er og to demensavdelingar med tilsaman 15 senger. Vi er opptekne at tenesta skal medverka til livskvalitet for brukarane våre og arbeider mot best mogleg kvalitet i tenesta.Arbeidsoppgåver
Utøve direkte pleie til pasientar
Medverke til at helsefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet
Tilrettelegge for å nytte velferdsteknologiske løysningar
Jobbe tverrfagleg med ulike profesjonar
Medverke til god informasjonsflyt
Pliktar å halde seg oppdatert innan sitt eige fagfelt og delta i aktuelle møter og opplæringstiltak
Medverke til eit godt samarbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
Fagbrev som helsefagarbeidar, gjerne med nokre års erfaring.
Personlege eigenskaper
Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
Ha evne til samhandle og arbeide tverrfagleg
Likar utfordringar og er løysingsorientert
Kan møte menneske i ulike livssituasjonar med ulike behov, på ein verdig og respektfull måte
Handtere tidvis travle periodar og høgt tempo
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av
. * Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.