Helse og omsorg- helgevakt og tilkallingsvikarar

Stranda kommune Se alle jobber

  • Norge
  • Midlertidlig
  • Deltid
  • 7 dager siden
Om stillingaVi søker etter tilkallingsvikarar i Geiranger distrikt. Arbeid i turnus som inneber vakter på dag, kveld og helg.Geiranger omsorgssenter ligg vakkert til ved Geirangerfjorden, omkransa av høge, flotte fjell og er ein del av verdsarven. Her får du jobbe med trivelege, kompetente og inkluderande kollegaer som har brukaren i fokus.Omsorgssenteret er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 9 leiligheiter. Personalet som arbeider ved omsorgssenteret yt også tenester til heimebuande ved behov.Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.Vi kontaktar aktuelle søkjarar ved behov.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:31.05.2026Arbeidsgivar:Stranda kommuneStad:GeirangerStillingstittel:Helse og omsorg- helgevakt og tilkallingsvikararTilsetjingsform:VikarWebcruiter-ID:5025148580Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Pleie og hjelp til brukarane ved omsorgssenteret og heimebuande
  • Dokumentasjon
  • Kjøkkenarbeid og reinhald
KvalifikasjonarErfaring frå pleie- og omsorgstenestene er ein fordel, men ikkje eit krav.Personlege eigenskapar
  • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg.
  • Interesse for faget.
  • Vi søkjer deg som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarane og deira ønskje og behov
Vi tilbyrTilsetting i samsvar med offentleg avtaleverkLøn etter kvalifikasjonarAdresse: Maråkvegen 36, 6216 Geiranger, NorgeKontaktinformasjonElisabeth JelleEiningsleiarOm arbeidsgivarenStranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur.

Stranda kommune