Seksjonsleiar

Vest politidistrikt

  • Bergen, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 1 dag siden
SeksjonsleiarFelles eining for påtale, Seksjon HordalandOm stillingaI Vest politidistrikt er det ledig vikariat i stilling som politiinspektør (SKO 0290) med funksjon som seksjonsleiar ved Felles eining for påtale. Vikariatet varer frå tiltredelse til 01.05.2026 med mogleg forlenging.Seksjonsleiar er ein del av leiargruppa til leiar for Felles eining for påtale, saman med seks andre seksjonsleiarar. Seksjon Hordaland har mellom 10 og 15 tilsette påtalejuristar og har mellom anna ansvaret for alle straffesakene i Geografisk driftseining Hordaland som ikkje blir handsama av spesialseksjonane.Seksjonen har dyktige og engasjerte juristar. Det er eit godt arbeidsmiljø blant juristane, med ein hektisk arbeidskvardag og med mange, til dels krevjande, saker.Stillinga er plassert i Bergen.Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal vi førebyggje og få bukt med kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidarArbeidsoppgåver
  • Personal-, resultat-, budsjett- og HMS-ansvar for seksjonen/eininga
  • Leggje til rette for effektiv ressursutnytting, samarbeid og måloppnåing ved seksjonen spesielt og i organisasjonen generelt
  • Prioritere oppgåver i samsvar med overordna føringar og verksemdsplanar
  • Drive utviklingsarbeid, endring og fornying av straffesakshandsaminga
  • Ansvar for systematisk kvalitetskontroll og oppfølging av den samla straffesaksporteføljen innan sitt ansvarsområde
  • Bidra til god samhandling med andre interne og eksterne aktørar
  • Systematisk oppfølging av kvar enkelt påtalejurist i porteføljehandteringa si
  • Leggje til rette for god påtalefagleg leiing av etterforskinga
  • Jourtjeneste kan bli pålagt
  • Andre oppgåver pålagt av overordna
KvalifikasjonarDette må du ha for å vere kvalifisert:
  • Juridisk embetseksamen/Master i rettsvitskap
  • God fagleg kompetanse innan påtalefeltet
  • Utdanning innan organisasjon og leiing fortrinnsvis frå universitet eller høgskule
  • Leiarerfaring blir vektlagt og kan i særskilte tilfelle kompensere for manglande leiarutdanning (I vurderinga blir det lagt vekt på omfang, kompleksitet og tidsnærleik)
  • Kunnskap og erfaring med HMS
  • God skriftleg og munnleg framstilling på norsk og engelsk
  • God IT- og systemkompetanse
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmende og utvidet) må innhentast ved ev. tilsetting jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Det er også ønskeleg med:
  • Kunnskap om personal- og økonomistyring
  • Kunnskap om offentleg forvaltning og statleg regelverk
Personlege eigenskaparDette kan vi tilby om du vel oss
  • Stillinga blir løna som politiinspektør med funksjon som seksjonsleiar (stillingskode 0290) med årslønn frå kr. 1.090.000,-. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordninger. Les meir
. * Gode arbeidsvilkår (godt arbeidsmiljø, dagtid, heimekontor, og trening i arbeidstida)Mangfald i politietDersom du har funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve for å kryssa av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling.
Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten .Opplysningane du gir, blir brukte til å utarbeida anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.Slik søker duDu søkjer ved å skrive eit kort søknadsbrev, registrere utfyllande CV og leggje ved relevante vitnemål og attestar.Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.Om ossVest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.Politidistriktet har om lag 1350 tilsette med konstituert politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.

Vest politidistrikt