Helgestillingar i Kvernhusmyrane og Bjørkhaugen Bufellesskap

Alver kommune

  • Alver, Vestland
  • Fast
  • Deltid
  • 2 dager siden
Helgestillingar i Kvernhusmyrane og Bjørkhaugen BufellesskapYnskjer du jobb i bufellesskap på helg?Om stillingaMe søkjer engasjerte og motiverte kollegaer på helg i Kvernhusmyrane og Bjørkhaugen Bufellesskap i 20-32% fast tilsetjing. Bufellesskapet ligg sentralt i Knarvik, og er heimen til 12 personar med ulik grad av funksjonshemming. Bustaden er døgnbemanna. Målet er å gje tenester av høg kvalitet for å sikre ein best mogleg kvardag for den einskilde.Arbeidsoppgåver
  • Leggje til rette for aktivitetar og for at kvar enkelt skal kunne meistre eigen kvardag
  • Utføre naudsynte omsorgsoppgåver
  • Legemiddelhåndtering
  • Oppfølging av vedtak etter kap. 9
  • Praktiske gjøremål i bolig
  • Bidra til eit godt omdømme gjennom god service ovenfor tenestemottaker
  • Dokumentasjon gjennom profil
KompetanseKven er du?
  • Du er arbeidsom og har auge for å få jobben gjort og sjå kva som trengs å gjerast.
  • Du har eit ønskje om å gjere ein positiv forskjell i andre sitt liv.
  • Du er fleksibel og har erfaring frå brukargruppa.
  • Du har evne til å foreta faglige vurderinger og utvise godt skjønn.
  • Du har høg etisk bevissthet og evne til kritisk refleksjon.
  • Du er ikkje redd for å by på deg sjølv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig.Me tilbyrMe er ein organisasjon i læring!Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.Me er AlverMe får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!PolitiattestI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltredeOm HabiliteringstenestaHabiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.Om Alver kommuneHabiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.

Alver kommune