Dansepedagog i HAF kulturskule

Hyllestad kommune

  • Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 14 dager siden
Vi søkjer etter danselærar til Hyllestad, Askvoll og Fjaler kulturskule frå 1.8.2024, fast 100 % stilling.Om du ynskje mindre stillingsprosent, kan vi legge til rette for det.Kvifor søkje hos oss?
  • Mange kjekke elevar ventar på deg som lærar. Kulturskulen har ca 400 elevplassar fordelt på musikk, dans og kunst, omtrent 100 av desse går på dans.
  • Kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø.
  • Moglegheit til å påvirke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse (eigenøving i arbeidstida)
  • Spennande tid i regionen med mykje utvikling på kulturfronten, mellom anna etableringa av kulturhuset Samvirke i Dale med kultursalar, lydstudio, prøveslal for profesjonelle dansekompani, teater og anna scenekunst.
  • Gode danselokaler i ny idrettshall i Hyllestad.
I tillegg vert du medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar.Klar til å søkje?Som danselærar vil dine daglege arbeidsoppgåver mellom anna vere:
  • Planlegge og gjennomføre danseundervisning og danseshow.
  • Samhandle med dei andre tilsette i kulturskulen og andre samarbeidspartnarar.
  • Kommunisere ryddig og tydeleg med elevar og føresette.
  • Utviklingsarbeid i kulturskulen, vidareutvikle det etablerte dansetilbodet.
Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.Vi ser for oss at du harrelevant høgare utdanning og erfaring med undervisning, samt personleg eignaheit for ei undervisningsstilling i kulturskulen. Det er nødvendig med førarkort for bil, undervisning vil kunne skje både i Hyllestad, Askvoll og Dale. Kommunen har bilar til disposisjon i arbeidstida.Det er krav om godkjent politiattest for stillingar i kulturskulen før tiltreding.KontaktFleire opplysningar om stillinga kan du få av kulturskulerektor Mats Willemoès Systaddal, telefon 974 60 697.Hjå oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og bidrar til eit nettverk innan kunst og kultur.Vi har eit godt arbeidsmiljø i kulturskulen og mange kjekke elevar. Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår på Hyllestad.Kvifor Hyllestad?Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små, rimelege barnehageplassar.Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk utVi ser fram til din søknad!Send oss ein søknad om du har lyst til å vere med oss på laget.Vi ventar spent og gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!Relevante lenkjer/informasjon

Hyllestad kommune