Lærar

HOYANGER KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

  • Høyanger, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 8 dager siden
Høyanger kommune har ledig 100 % stilling som lærar i tidsrommet 01.08.26 - 31.07.27, vikariat. Stillinga er delt 50/50 mellom skulane Lavik og Kyrkjebø.Søkjarar må ha godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen. Vi ønskjer søkjarar som har naturfag og kroppsøving i fagkrinsen. Undervising både på barne- og ungdomsskule.Vi legg vekt på:- God relasjonskompetanse- Positivitet- Fagleg engasjement- Fleksibilitet- Gode samarbeidsevnerHøyanger kommune kan tilby:- Høve til kompetanseutvikling- Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”.- Lønn etter gjeldande tariffavtale- Gode pensjons- og forsikringsordningarDet er også sterkt ønskjeleg at søkjarar har god digital kompetanse, erfaring frå klasseleiing og undervisning ved få-delt skule.Politiattest må leggast fram før tilsetting for den som blir tilsett.Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Lavik og Kyrkjebø skular eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med hhv Trine Deisz Haugsbø på tlf. 90191840 og Egil Michael Haaland på telefon 94856024 og høyr deira erfaringar.Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune?Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.
Link til søknadsskjema:Kontaktperson for stillingenRektor Linda Sagerøy Solaas+47 48106992Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenHøyanger kommune er ein langstrakt kommune som ligg på begge sider av Sognefjorden i Vestland fylke. Kommunen er ein kraft- industri og jordbrukskommune i storslagen og vakker natur: Fjell, fjord, vatn, elvar og skog. Kommunen har ca 4000 innbyggjarar der ca 2000 bur i tettstaden Høyanger. Det er gode oppvekstvilkår med gode skule- og barnehagetilbod samt variert fritidstilbod innan idrett og musikk. Vi har gode anlegg for innandørs-, sommar- og vinteridrett. For meir informasjon sjå www.hoyanger.kommune.noSektorOffentlig

HOYANGER KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

Lignende stillinger

  • Lærarar - Høyanger skule

    HOYANGER SKULE

    • Høyanger, Vestland
    Høyanger skule er ein 1-10 skule og har ledig 400 % faste lærarstillingar frå 01.08.26. Krav til søkjarar: Felles for alle stillingane er at søkjarar må ha godkjent undervisnin…
    • 12 timer siden
  • Lærarar

    HOYANGER KOMMUNE NORSKSENTERET

    • Høyanger, Vestland
    Norsksenteret er organisert som ei avdeling under Høyanger skule og har ledig 200 % faste lærarstillingar frå 01.08.26. Undervisning i norsk og samfunnsfag for nykomne flyktningar …
    • 2 dager siden
  • Lærarar

    KYRKJEBO SKULE

    • Kyrkjebø, Vestland
    Kyrkjebø skule er ein 1-7 skule, og har ledig 200 % faste lærarstillingar frå 01.08.26. Krav til søkjarar: - Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen. Vi s…
    • 8 dager siden