Er du vår nye database-administrator?

Helse Vest IKT

  • Norge
  • Fast
  • Fulltid
  • 24 dager siden
Om stillingaSjukehussektoren er i ei rivande utvikling. Trygg og moderne IKT er ein viktig faktor for at sjukehusa skal kunne drive effektivt og godt, òg i framtida. Helse Vest IKT har ansvar for å produsere IKT-tenester til alle sjukehusa i Helse Vest, med høge krav til stabilitet, kvalitet og tryggleik. Med om lag 1500 system, 4000 databasar og over 30 000 sluttbrukarar er vi blant dei største IKT-miljøa på Vestlandet.I seksjon Database er vi ti medarbeidarar som har ansvar for drift og vidareutvikling av tenester på ulike database-teknologiar. Vi ser etter deg som har erfaring frå SQL-driftsmiljø, og som ønsker å jobbe i ein spennande sektor. Her vil du få jobbe med ny og spennande teknologi, vere del av eit kunnskapsrikt team som set arbeidsmoral høgt, og som har ein god kultur for kunnskapsdeling.Arbeidsstad vil vere i Bergen, Førde, Haugesund eller Stavanger.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:08.09.2025Arbeidsgivar:Helse Vest IKTStad:Bergen, Førde, Stavanger, HaugesundStillingstittel:Database-administratorStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4956205027Sosial deling :ArbeidsoppgåverHva skal du jobbe med hos oss?
  • Vidareutvikle database som plattformprodukt, i den private skya vår eller i offentleg sky (Azure).
  • Drift og vedlikehald av databasar primært på Microsoft SQL Server.
  • Rådgjeving innanfor fagområdet.
  • Optimalisering, feilsøking og tuning.
  • Implementering av HA-løysingar.
  • Automasjon av driftsoppgåver og leveransar, og bidra til sikker og stabil drift.
KvalifikasjonarFor å utføre jobben bør du ha erfaring med drift av MS SQL i komplekse miljø, samt:
  • Erfaring med automatisering og scripting - Powershell, Ansible, Terraform.
  • Erfaring med Azure SQL er ein føremon-
  • God forståing for datatryggleik.
  • Kjennskap til ITIL.
  • IKT-utdanning på universitet-/høgskulenivå, eller relevant praksis som kan kompensere for utdanningskravet.
  • Meistre norsk, munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskaparEigenskapar vi set pris på hos deg:
  • Du er svolten på ny teknologi og ønsker å dele kompetansen din med kollegaene dine.
  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Du er serviceinnstilt og har fokus på kundar.
  • Du tek initiativ der du ser det er behov, kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar.
  • Du kan levere under press og trivst med nye utfordringar.
  • Du er ein positiv bidragsytar i teamet, med godt humør og glimt i auget.
Vi tilbyrHøyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:
  • Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje.
  • Interessante utfordringar med moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
  • Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
  • Fleksible arbeidsordningar med fleksitid, moglegheit for heimekontor og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj.
  • Løn etter avtale.
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Adresse: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen, NorgeHelse Vest IKT Forde
Naustdalsvegen 5
6800 Førde
NorgeI Park
Professor Olav Hanssens vei 7
4021 Stavanger
NorgeØvregata 126
5527 Haugesund
NorgeKontaktinformasjonThomas JakobsenSeksjonsleiarOm arbeidsgivarenHelse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no

Helse Vest IKT

Lignende stillinger

  • IT System Administrator

    Kongsberg Gruppen

    • Kongsberg, Viken
    I KONGSBERG Gruppen spesialiserer vi oss på utvikling av avanserte teknologier for å levere ekstrem ytelse under krevende forhold. Ved å samarbeide som et globalt team, har vi skap…
    • 1 dag siden
  • KONGSBERG IT søker System Administrator

    • Kongsberg, Viken
    I KONGSBERG Gruppen spesialiserer vi oss på utvikling av avanserte teknologier for å levere ekstrem ytelse under krevende forhold. Ved å samarbeide som et globalt team, har vi skap…
    • 1 dag siden
  • Planner & Data Administrator

    Adecco

    • Ålesund, Møre og Romsdal
    Hos Neuver Maritime får du jobbe i et internasjonalt maritimt miljø, tett på både teknologi, logistikk og mennesker, med trygge rammer, kompetente kolleger og store muligheter til …
    • 8 dager siden