
Kommunikasjonsrådgivar, vikariat
- Haugesund, Rogaland
- Midlertidlig
- Fulltid
Helse er det som ligg oss alle nærast. Helse skaper engasjement og eit ufatteleg stort behov for informasjon. Du kjem tett på folk og, kanskje utan å tenkje på det, kan du gjere ein forskjell i livet deira.Det gjer det å jobbe med helsekommunikasjon - eit ord som vi har funne på - og som er utruleg spennande, krevjande, variert, full fart, omfattande og faktisk skikkeleg kjektHelse Fonna skal gi spesialisthelsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Her er 4500 kollegaer på fire sjukehus, DPS, BUP, ambulansar og meir. Kommunikasjonsavdelinga består av kommunikasjonssjef og tre kommunikasjonsrådgivarar. Vi har også eit tett og godt samarbeid både regionalt på Vestlandet, men også nasjonalt.Kort sagt, her er det nærast uendeleg med oppgåver å løyse. Difor treng vi litt hjelp av deg og ditt kommunikasjonshovud dei næraste månadane.Kven søkjer vi?
Du er nysgjerrig, du har pågangsmot, du kan jobbe sjølvstendig, du er ikkje redd for ta i eit tak - og gjerne eit til. Du kan setje deg raskt inn i vidt forskjellige problemstillingar og finne løysingar. Du vil også møte problemstillingar som kan krevje refleksjon om kva som er riktig å gjere. Men slapp av, vi er eit lag og hjelper kvar andre.Du har gjerne bakgrunn og erfaring frå kommunikasjon eller media. Du kan produsere innhald til våre flater, tenke målgruppe og kva du vil skal skje med det du kommuniserer. Vi treng også å nå yngre målgrupper og det er eit pluss om du kan hjelpe oss med det.Hos oss har vi krav til bruk av nynorsk, universell utforming, personvern, vi har våre kommunikasjonsprinsipp og linjer vi følgjer. Vi forventar ikkje at du er ein resar på alt dette, men forventar at du vil lære og bruker dei.Dine viktigaste oppgåver
- Jobbe internt med innhald på intranett
- Oppdatere nettsider
- Vere med å planlegge og setje i gang kampanjar
- Kreative prosessar for rekruttering, sosiale media og meir
- Produsere nyheiter når det er aktuelt
- Og som du skjøner frå teksten over, det er masse anna du kan få prøve deg på
- Du har utdanning eller erfaring innan kommunikasjon, media eller anna relevant bakgrunn
- Du kan bruke nynorsk
- Du har erfaring med foto og eventuelt enkel video
- Du har god generell datakunnskap og kan bruke program for medieproduksjon
- Du får ein meiningsfullj obb med rom for å påverke
- Eit lite, samansveisa team - og eit stort fagfellesskap i Helse Vest
- Ein meiningsfull jobb med rom for å påverke
- Fagleg og personleg utvikling
- Ein triveleg arbeidsplass med velferdslag