Intensivsjukepleiar

Helse Bergen

  • Bergen, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 6 dager siden
Om stillingaVi har ledig fast 100% fast stilling som Intensivsjukepleiar.Kysthospitalet i Hagevik er eit elektivt ortopedisk sjukehus i Ortopedisk klinikk, Helse Bergen, og ligg i Os i Bjørnafjorden kommune. Kysthospitalet er eit spesialsjukehus som i hovudsak driv med protesekirurgi i hofte og kne, samt ryggkirurgi og noko dagkirurgi.Oppvakingsavdelinga har 12 overvakingsplassar og har døgnope frå måndag til fredag.Stillinga er ledig frå 01.01.2026 (kan starte før etter nærmere avtale)NøkkelinformasjonSøknadsfrist:19.09.2025Arbeidsgivar:Helse Bergen HFStillingstittel:IntensivsjukepleiarStillingar:1Tilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5008818386Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Gje god omsorg for pasient i det perioperative forløp
  • Samarbeide med andre profesjonar og avdelingar
  • Bidra ved akutte situasjonar ved sjukehuset på dag, kveld og natt
  • Arbeide i tverrfaglege team
  • Vere med på å utvikle og forbetre avdelinga
  • Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning innan intensiv
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Relevant sjukehuserfaring
  • Må ha grunnleggande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)
  • Må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystem
Personlege eigenskapar
  • Strukturert og ansvarsbevisst
  • Pasientorientert
  • Fleksibel og endringsvillig
  • Avgjerdsdyktig
  • Nøyaktig
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Adresse: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, NorgeKontaktinformasjonKnut Ove HerlandSeksjonsleiarOm arbeidsgivarenHelse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Helse Bergen