Stranda ungdomsskule - Undervisningsstillingar

Stranda kommune Se alle jobber

  • Stranda, Møre og Romsdal
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 7 dager siden
Stranda ungdomsskule - Undervisningsstillingar Stranda ungdomsskule, Stranda kommuneOm stillingaStranda ungdomsskule og vaksenopplæring er ein 8-10. skule med ansvar for grunnskuleopplæringa for om lag 130 elevar. I tillegg har eininga ansvar for vaksenopplæringa i kommunen. Skulen ligg i Stranda tettstad og var ferdig totalrenovert våren 2013.Stranda ungdomsskule ynskjer å fokusere på at elevane skal lære seg det dei treng for vidare skulegang og arbeid i framtida, og har som hovudmål "Å lære meir". Så enkelt, men samtidig så vanskeleg. Det ligg mykje hard arbeid og mykje innsikt og omtanke bak å klare "å lære meir". Vil du arbeid i lag med oss slik at alle elevane våre kan "lære meir"?Frå 01.08.2026 har vi ledig følgjande stillingar:2 x 100% undervisningsstilling, vikariat for skuleåret 2026/2027Det er i første rekke ønskjeleg å få dekka faga spansk, spesialundervisning, matematikk, naturfag, kunst og handverk, programmering og tyskVi ber om at det går klart fram av søknaden kva fag du kan undervise i og kor stor stilling du ynskjer.Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at søkjarliste er offentleg. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Den som vert tilsett må kunne legge fram politiattest av nyare dato, ikkje eldre enn 3 månadar.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:24.04.2026Arbeidsgivar:Stranda kommuneStillingstittel:Stranda ungdomsskule og vaksenopplæring - Undervisningsstillingar, vikariatStillingar:2Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:VikarStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5110280163Startdato:01.08.2026Sluttdato:31.07.2027Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • I hovudsak undervisning i klasse, men skulen har fleire elevar som treng ekstra oppfølging. Nokre av desse elevane har eigne "prosjekt", og den som blir tilsett vil få heilt eller delvis ansvar for ein eller fleire slike elevar
  • Relasjonsbygging mot elevane er heilt essensielt, og det blir lagt vekt på at den som blir tilsett har bakgrunn og personlege eigenskapar som kan understøtte det.
Kvalifikasjonar
  • Formell undervisningskompetanse i faga nemnt ovanfor
  • Erfaring som kontaktlærar
  • Beherskar norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
  • Sjølvstendig, ansvarleg og fleksibel
  • Gode samarbeidsevner og kunne bidra til eit godt samarbeidsmiljø, både i forhold til elevar og tilsette
  • Kunnskap om og erfaring med god klasseleiing
  • Erfaring med vurdering, formell og uformell
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
  • Eit godt og oppegåande fagleg og sosialt miljø mellom dei tilsette
  • Ivrige og trivelege elevar
  • Du får vere med påverke din eigen arbeidskvardag, fagleg og sosialt
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i SPK får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Les meir:Adresse: Hevsdalsvegen 50, 6200 Stranda, Norge

Stranda kommune