Miljøarbeidar, i inntil 100% vikarMiljøtenestaOm stillingaGulen kommune, for tida ved Miljøtenesta, har ledig i inntil 100% vikarstilling som miljøarbeidar frå snarast til 07.12.2025. Det kan verte moglegheit for forlenging av vikariatet.Miljøtenesta har base på Dalsøyra, men yter bistand til brukarar i heile kommunen. Vi vil prøve å setje den tilsette inn i turnusar der det er langtidsfråvær, slik at turnusen vert mest mogleg føreseieleg. Den som går inn i stillinga må synast det er spennande og motiverande å yte bistand til ulike brukarar og trivast med varierande arbeidsoppgåver. Det er ulike arbeidstidsordningar i eininga; i hovudsak er det langvakter, men vi har også nokon ordinære vakter på dag/kveld/natt, samt døgnvakter.Arbeidsoppgåver
Legge til rette for og bistå brukarar med ulike funksjonsnivå i daglege gjeremål og fritidsaktivitetar
Følgje opp dei daglege rutinene
Andre oppgåver etter behov
KvalifikasjonskravPersonlege eigenskapar
Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, påførande og kollegaer
Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. Vi har, for tida, ekstra helgetillegg på 50 kr/time og løn utover tariff for kvalifisert tilsett som går turnus.
For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Om ossGulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå for meir informasjon.