Overlege/radiolog med spesialkompetanse mammaradiologi
HELSE FORDE HF LAB - RONTGEN FORDE
- Førde, Vestland
- Fast
- Fulltid
Ved Radiologisk seksjon i Førde ser vi no etter ein fagleg engasjert overlege som ønskjer å vere ein del av eit inkluderande og kompetent fagmiljø.Treff nokre av våre tilsette i denne flotte⭐ Kvifor velje Førde?
Hos oss får du
- ein variert og spennande arbeidskvardag med breitt spekter av undersøkingar og prosedyrar
- moglegheit til å påverke fagleg utvikling og delta i forsking og kvalitetsarbeid
- eit oversiktleg sjukehusmiljø der du blir sett og verdsett
- tett samarbeid med dyktige kollegaer i eit tverrfagleg miljø
- eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø med låg terskel for å dele kunnskap og stille spørsmål
- fast overlegestilling i eit sterkt og stabilt fagmiljø
- gode moglegheiter for vidareutvikling innan fag og undervisning
- moglegheit for deltaking i vaktordning dersom ønskjeleg
- rekrutteringstillegg og konkurransedyktige vilkår
- sosiale arrangement og eit kollegium med mykje humor og støtte i kvardagen
Vi ser etter deg som:
- er ferdig spesialist i radiologi og innehar kompetanse på mammafeltet
- er nysgjerrig, lærevillig og likar å jobbe både sjølvstendig og i team
- har gode kommunikasjonsevner og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
2 mammografiapparat (klinisk og screening), gjennomlysing/intervensjon/angio, samt 3 ultralyd apparat.
Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar innan dei fleste fagområda. SjåBu midt i livets leikeplass: Vestlandet!I Sunnfjord bur du midt i eit friluftseldorado med kort veg til toppturar, klatring, stisykling, kajakkpadling og andre aktivitetar. I løpet av ei helg kan du oppleve både strender i verdsklasse og fjellturar du elles berre ser på instagram.Her er også urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, treningssenter, kaféliv, kulturliv, teater og konsertar. Vi har flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg tre timar unna med bil. I Sunnfjord vil du oppleve ein enkel kvardagslogistikk med korte avstandar til det meste.Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Kontaktinformasjon Børge Stavland, Avdelingssjef, (+47) 578 39 393Arbeidssted Svanehaugvegen 2
6812 FørdeNøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5031373461
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.04.2026Kontaktperson for stillingenBørge StavlandAvdelingssjef(+47) 578 39 393Kopier telefonnummerOm bedriftenHelse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.SektorOffentligNettsted