Tilkallingsvikarar i helse og omsorg

Volda kommune

  • Volda, Møre og Romsdal
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 2 måneder siden
ArbeidsoppgåverArbeidet består i helse- og omsorgsoppgaver til innbyggjarar i Volda kommune. Det vil vere ulike stillingsinstruksar ut frå kva avdeling og fagområde det gjeld.Kvalifikasjonar
  • Du må være over 18 år gammel.
  • Du må kunne norsk språk meget godt både munnleg og skriftleg.
  • Du må ha vanleg datakunnskap
  • Du må ha gode evner i kommunikasjon og samarbeid
  • Det er ein fordel med erfaring fra tilsvarende arbeid, men det er ikkje eit krav
  • Faglærte, samt studentar innan relevante fagområder innan helse og sosialfag blir prioritert.
  • I nokre seksjonar er det behov for førerkort klasse B for manuell gir. Ver venleg å oppgi dette i søknaden.
  • Du må kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest og eigenerklæring for tuberkulose før oppstart i arbeid. For arbeid ved sjukeheim må ein også levere eigenerklæring for mrsa.
Personlege eigenskapar
  • Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
  • Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
  • Liker utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver
  • Tar initiativ og ansvar
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Er strukturert og presis når det gjeld arbeidstid
Vi tilbyr
  • Lønn etter gjeldande tariff
  • Sjølvstendig og variert arbeid
  • Tilgang på elæringskurs frå Visma og NHI
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg arbeidsmiljø
Adresse: Kleppevegen 1, 6102 Volda, NorgeKontaktinformasjonElin Høydal VatneAvdelingsleiar Rus og psykiatriE-post: elin.hoydal.vatne@volda.kommune.noAnn-Sølvi HeltneAvdelingsleiar InstitusjonE-post: ann-solvi.heltne@vooda.kommune.noElsebeth MelleAvdelingsleiar HeimetenesteE-post: Elsebeth.melle@volda.kommune.noReidun Elisabeth SandnesAvdelingsleiar Bu og habiliteringE-post: reidun.elisabeth.sandnes@volda.kommune.noOm arbeidsgivarenVolda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.Ta gjerne ein tur innom for å bli betre kjent med oss!

Volda kommune