Sommarvikar som reinhaldar

OSTEROY KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

  • Lonevåg, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 7 dager siden
Om stillinga * Våre dyktige reinhaldarar skal avvikle velfortjent ferie i sommar og me treng vikarar for dei. Er du den me treng for å kunne gje eit forsvarleg reinhald sjølv om våre faste har ferie?Arbeidsoppgåver * Dagleg reinhald på Osterøytunet, rådhuset, familie og omsorgssenteret, biblioteket, kyrkjekontor, samlokaliseringsbygget og barnehagane. Me treng også ein gjeng til nedvask av dei kommunale barehagane, dei vekene barnehagane har stengt.Kvalifikasjonskrav * Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav. Opplæring vert gjeve.Vi tilbyr
  • Godt samarbeid og godt humør
  • Opplæring etter kva bygg du skal jobbe på, både teori og praksis
  • Ein jobb der du er aktiv og får bruke kroppen
Video:Spørsmål om stillingaHar du spørsmål kontaktDriftsleiar Solgunn Søgnesand Presttun eller Fagleiar Ingrid MortensenKontaktpersoner for stillingenIngrid MortensenFagleiar reinhald+4745343197Kopier telefonnummerKopier e-postadresseSolgunn Søgnesand PresttunDriftsleiar reihald+4791340724Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenOsterøy kommune - Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.SektorOffentligNettsted

OSTEROY KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON