Jordmor

  • Ålesund, Møre og Romsdal
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 2 dager siden
Opplev ein meiningsfull karriere som jordmor!Har du lyst på ein spennande, givande og fagleg utviklande jobb? Vi har to ledige vikariat i 75% -100% stilling for jordmor frå snarast tom 31.05.26Seksjon føde/barsel i Ålesund har om lag 1200 fødslar i året. Vi tilbyr eit dynamisk arbeidsmiljø med fokus på både normalfødsel og spesialisert fødselshjelp. Hos oss arbeider vi i team og har høg fagleg standard, tett samarbeid og kontinuerleg utvikling som mål. Vi legg stor vekt på å skape ei trygg og omsorgsfull oppleving for pasientane gjennom heile svangerskaps-, fødsels- og barselperioden.Vi har eit godt arbeidsmiljø og ønskjer deg hjarteleg velkomen som søkjar til ein meiningsfull og variert arbeidskvardag!Følg oss gjerne på Instagram; fodeavdelingen_alesund_hmr.Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.Arbeidsoppgåver
  • Du vil rullere mellom føde- og barselseksjonen
  • Fødeseksjonen har fire fødestover, der to er tilrettelagd for vassfødsel
  • Du bidreg i drift og pasientoppfølging på våre 23 sengeplassar, inkludert observasjonssenger for sjuke gravide
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som jordmor
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Interesse for eller erfaring frå føde-/barselavdeling
  • Trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Fagleg engasjert og ønskjer å bidra til vidare utvikling av seksjonen
  • Gode samarbeidsevner og eit sterkt pasientfokus
  • Sjukepleiarar kan søkje og vil bli vurderte dersom vi ikkje får tilsett kvalifiserte jordmødre
Personlege eigenskapar
  • Vi søkjer etter dyktige, pasientorienterte, initiativrike jordmødre som har interesse for alle arbeidsoppgåver innan jordmorfaget, og som kan vere med å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelinga.
  • Du er motivert for fagleg utvikling
  • Du er inkluderande og løysingsorientert
  • Du har stor arbeidskapasitet
  • Du er positiv, fleksibel og tilpassingsdyktig
  • Du har gode kommunikasjonsevner og er ein god teamarbeidar
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.Vi tilbyr
  • Vi tilbyr eit trivelig arbeidsmiljø med fokus på støtte, samarbeid og god psykologisk tryggleik
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Varierte arbeidsoppgåver i ein spennende og dynamisk hverdag
  • Kollegastøtte og mentorordning for nyansatte
  • Årlige fosterovervåkningskurs, akutt obstetrikk treningsdag, ammeseminar og regelmessig simuleringstrening for alle ansatte i turnus
ÅlesundByen vår! Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg.Kontaktinformasjon Martha Kvasnes Molvær, Seksjonsleiar,Arbeidsstad Åsehaugen 1
6026 ÅlesundNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4993882910
Stillingsprosent: 75, 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2025
Sluttdato: 31.03.2026
Søknadsfrist: 05.10.2025Kontaktperson for stillingenMartha Kvasnes MolværSeksjonsleiarKopier e-postadresseOm bedriftenVil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjåSektorOffentligNettsted

NAV

Lignende stillinger

  • Jordmor

    Helse Møre og Romsdal

    • Ålesund, Møre og Romsdal
    Om stillinga Opplev ein meiningsfull karriere som jordmor! Har du lyst på ein spennande, givande og fagleg utviklande jobb? Vi har to ledige vikariat i 75% -100% stilling for j…
    • 2 dager siden