Assistent/fagarbeidar i barnehage

HAUGELIA BARNEHAGE

  • Møre og Romsdal
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 6 dager siden
Kan du tenke deg å jobbe i barnehage? Haugelia barnehage har behov for fagarbeidar eller assistent i vikariat. Behovet for tiltreding er snarast og i første omgong fram til nyttår, med moglegheit for forleniging. Stillinga kan tilpassast dersom det ønske om anna stillingsprosent.Oppvekst og kultursektoren vår har ei felles målsetting om å skape gode oppvekstvilkår for borna i Sande. Barnehagane vil i samarbeid med heime gje borna ein trygg start på den livslange læringa i utdanningssystemet. Vi vil gje dei erfaringar og opplevingar som fører til ei positiv tilknytning til nærmiljøet. Vi vil oppdra borna til samarbeid og gjensidig respekt, og gjere dei i stand til å ta vare på kvarandre og seg sjølve. Dei tilsette skal jobbe for at borna skal få oppleve eit inkluderande miljø med venskap, omsorg, leik og læring.Arbeidsoppgåver
  • Saman med kollegaer skal du skape eit godt miljø for leik og læring.
  • Saman med kollegaer skal du delta i leik, ute og inne.
  • Bidra til god dialog og samarbeid med foreldre
Kvalifikasjonar
  • Assistent: Det vert ikkje stilt krav til utdanning for assistentar, men erfaring frå barnehage/skule eller arbeid med born er ønskeleg.
  • Fagarbeidarar: Fagbrev som barne-og ungdomsarbeidar
Studentar i relevant utdanningsløp får studentbonus i tillegg til tariffløn.Politiattest av ny dato må leverast, jamfør forskrift til opplæringslova kapittel 15Personlege eigenskaparVi ser etter deg som er positiv, påliteleg og god til å kommunisere. Du likar å jobbe i lag med andre, tek initiativ til leik og samspel. Vi ønsker at du er tydeleg og trygg i vaksenrolla og vil i stor grad legge vekt på personlege eigenskapar.Vi tilbyrVi tilbyr varierte og spennande arbeidsoppgåver, dyktige kollega og eit arbeidsfellesskap der vi legg vekt på trivsel, fagleg utvikling og kvalitet.Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk.Innmelding i KLPKontaktinformasjon Lisbeth Nykrem, Einingsleiar, +47 48117554Arbeidsstad Haugsbygda 216
6082 GurskenNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Sande kommuneReferansenr.: 5009745036
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 11.09.2025Kontaktperson for stillingenLisbeth NykremEiningsleiar+47 48117554Kopier telefonnummerOm bedriftenSande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30-45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.SektorOffentligNettsted

HAUGELIA BARNEHAGE

Lignende stillinger

  • Tilkallingsvikar i barnehage

    Ørsta kommune

    • Ørsta, Møre og Romsdal
    Om stillinga Ørsta kommune har til ei kvar tid trong for fagarbeidar/assistent og barnehagelærar som kan tenkje seg å vere tilkallingsvikar i barnehage. Denne utlysinga gjeld fo…
    • 1 måned siden
  • Tilkallingsvikar i barnehage

    Ørsta kommune

    • Ørsta, Møre og Romsdal
    Ørsta kommune har til ei kvar tid trong for fagarbeidar/assistent og barnehagelærar som kan tenkje seg å vere tilkallingsvikar i barnehage. Denne utlysinga gjeld for barnehageåret…
    • 1 måned siden
  • Tilkallingsvikar søkes til Torvteigen barnehage AS

    TORVTEIGEN BARNEHAGE AS

    • Ålesund, Møre og Romsdal
    Vi trenger flere tilkallingsvikarer som kan steppe inn ved behov i barnehagen. Du må ha mulighet til å stille på kort varsel. Det er ønskelig med kandidater som har erfaring fra å …
    • 6 timer siden