Rådgjevar for barnehage - og skulebasert kompetanseutvikling
HOGSKULEN I VOLDA AVD FOR MEDIEFAG
Volda, Møre og Romsdal
kr 614.474-706.000 pr år
Fast
Fulltid
6 timer siden
Om stillingaVed Høgskulen i Volda, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, er det ledig ei 100 % fast rådgjevarstilling som fagleg koordinator for kollektiv kompetanseutvikling i barnehage og skule.Kollektiv kompetanseutvikling er ei ordning som skal bidra til å styrkje kunnskapen til tilsette i barnehage og skule ut frå dei behova som finst lokalt. Gjennom felles kompetansetiltak i partnarskap mellom Universitet/høgskule og kommunane skal dei tilsette få utvikle både praksisen sin og kvaliteten på tilbodet. Samarbeidet skal òg gjere lærarutdanningane meir praktiske og oppdaterte.Stillinga vil i hovudsak vere knytt til fagleg koordinering av ordninga, men det kan også vere behov for faglege bidrag. Stillinga vil vere ein del av ei arbeidsgruppe knytt til kollektiv kompetanseutvikling.KvalifikasjonarSøkjar må ha:
Mastergrad innanfor relevant fagfelt. Omfattande og relevant praksis kan i særskilte tilfelle kompensere for kravet om formell utdanning.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
I tillegg vektlegg vi:
Erfaring med utvikling- og endringsarbeid i barnehage og/eller grunnskule.
Erfaring frå arbeid i barnehage og/eller skule.
Erfaring frå prosjektarbeid/prosjektleiing, organisasjonsutvikling, kartlegging - og analysearbeid, utvikling av spesialpedagogiske tiltak, rettleiing og systemretta arbeid.
Erfaring med tilsvarande arbeid ved høgskule/universitet
God digital kompetanse
Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkarar vil det bli lagt vekt på:
Relevant yrkeserfaring
Erfaring med leiing av utvikling- og prosjektarbeid
Erfaring med rettleiing
Relevant tilleggsutdanning
God evne til å kommunisere og samarbeide med kollega og samarbeidspartnarar
Personlege eigenskapar som kan bidra positivt til arbeidsmiljøet
ArbeidsoppgåverStillinga sine arbeidsoppgåver vil vere koordinering av HVO sine oppgåver knytt til ordninga kollektiv kompetanseutvikling i barnehage og skule i Møre og Romsdal. Dette skjer i tett samarbeid med barnehage- og skuleeigarar, barnehagar og skular, og administrativt og vitskapeleg tilsette på utdanninga. Koordinatorfunksjonen skal leie utviklinga av samarbeid mellom regionane og HVO, vere med å utvikle planar for fagleg innhald i ordninga med våre samarbeidspartar, og i samarbeid med vitskapelege tilsette bidra i det faglege arbeidet i regionane.Det må påreknast reiseaktivitet og ein må disponere eigen bil, då mykje av arbeidet skjer ute i kommunane i fylket.Arbeidsoppgåver vil kunne bli endra i tråd med avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning sine satsingsområde og samfunnet sine behov.Vi tilbyrEit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda, 1434 Rådgjevar frå kr 614 474 - 706 000,-Generell informasjonVed HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på .Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.Om søknadenAlle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillingaOffentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.KontaktNærare opplysningar om stillinga får ein ved å vende seg til høgskulen ved administrasjonssjef Ragnhild Paulsen, tlf. 90 63 46 65 eller dekan Silje Ims Lied, tlf. 46 80 49 58.Om Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanningAvdeling for humanistiske fag og lærarutdanning er den største avdelinga ved Høgskulen i Volda med årleg om lag 2400 studentar og 150 tilsette. Vi gjev tilbod om ei rekke ulike lærarutdanningar og fagstudium. Avdelinga har stor aktivitet innan etter- og vidareutdanning for lærarar. Høgskulen i Volda ligg langt framme i høve å gje tilbod med fleksibel organisering og bruk av ulike teknologiske løysingar. Vi har også omfattande aktivitet innan forsking og utviklingsarbeid. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa er ein del av avdelinga.Studiebygda VoldaMidt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.Les meir på. Video: https://www.youtube.com/watch?v=wSlL1WkuUXcOm bedriftenHøgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.SektorOffentligNettsted