Vikarar ved institusjonstenester og heimetenesterHar du lyst på ein liten ekstrajobb? Då håper vi å høyre frå deg!Om stillingaMe treng helgevikarar og tilkallingsvikarar for institusjonstenester og tilkallingsvikarar i heimetenester.Institusjonstenester og heimetenester er organisert i kommunalområde helse og omsorg.Som tilkallingsvikar bestemmer du heilt fritt når du vil jobbe, som helgevikar er arbeidstida etter turnus.Skriv i søknaden om du ynskjer eitt av vala under, eller om du vil kombinere nokon av desse:
helgevikar ved institusjonstenester og jobbe kvar 3. helg, og langvakt om du ynskjer det
tilkallingsvikar ved institusjonstenester
tilkallingsvikar ved heimetenester
Arbeids- og ansvarsområde
OPPGÅVER HELSETUNET:
- pleie og omsorg til pasientane - hjelp til personleg hygiene - tilsyn - rapportere til sjukepleiar om pasientane sine behov og observasjonar / endringar - dokumentere / journalføre i elektronisk pasientjournal - vere med pasientane i aktivitetar ved avdelinga, turar med elektrisk sykkel, gå- eller trille tur - sosialt samvær som til dømes: sjå bilde og film frå nær og fjern, lese avisa, songstund
OPPGÅVER HEIMEBASERTE TENESTER:
- yte naudsynt helsehjelp, stell, pleie, tilrettelegging og god omsorg - sårstell - medikamentutdeling - førebyggande og rehabiliterande helsearbeid - samarbeid med forskjellige faggrupper og tverrfagleg samarbeid - praktisk bistand som å støvsuge, reingjere golv og bad, skifte på seng, vask av kle, innkjøp av matvarer og utlevering av middagMe tilbyr
bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
gode pensjons- og forsikringsordningar
løn etter tariff (lokal stige for sjukepleiarar og vernepleiarar)
minimum 6 års ansiennitet for fagarbeidarar / tilsette med høgskuleutdanning
ekstra laurdags- og søndagstillegg (+ kr 10 over tariff)
sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vårKvalifikasjonar
for å dekke desse tenestene treng me sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar, studentar og pleiemedarbeidarar / assistentar
erfaring innan helseområdet er ein fordel
Personlege eigenskaparLøns- og tilsetjingsvilkår
tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale
gode pensjons- og forsikringsordningar
studentar under høgskuleutdanning får startløn tilsvarande fagarbeidarstilling dersom utdanninga er relevant for stillinga.
sjukepleiestudentar som har fullført medikamentprøve får kr 10 000 i tillegg til tariffløn
me ynskjer at du fyller 18 år i løpet av 2025, men yngre søkarar kan også få tilbod
for å jobbe i heimetenesta må du ha førarkort, klasse B
det blir stilt krav om ny politiattest jfr. helsepersonellova
Krav til språkDu må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.Generell informasjonAurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.Om ossAurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1820 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.