Om stillingaVed bueininga i Elvevegen på Dale, ynskjer vi oss fleire dyktige kollegaer. Vi søker tilsett som er fagleg trygg og arbeidar godt sjølvstendig. Hos oss er vi opne for kreativitet og engasjement for å saman finne dei gode løysingane i arbeidskvardagen. Vi treng å styrke arbeidsstaben vår og har ledig vikariat for helsefagarbeidar i 100% stilling til august 2026. Ledig frå snarast.Arbeidsoppgåver
Sikre at tenestemottakar får kvalitativt gode tenester i tråd med gjeldsande lovverk, vedtak og retningslinjer
Gje god omsorg og hjelp til daglege gjeremål i heimen
Medisinhandsaming
Kontakt og samarbeid med pårøyrande
Primærkontakt oppgåver
Dokumentere i fagprogram
Andre delegerte oppgåver frå leiar
Krav til kompetanse
Autorisasjon som Helsefagarbeidar
Relevant erfaring frå liknande arbeid vil vere ein fordel
Krav om godkjend politiattest
Førarkort er ein fordel
Må meistre norsk godt både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Du er ein person som evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode
Du likar å arbeide sjølvstendig og å tek ansvar
Er påliteleg og stabil
Er god på kommunikasjon og evnar å samarbeid tverrfagleg
Er løysingsorientert, med god gjennomføringsevne
Har høgt nærvær i jobben
Kan stå i ein travel arbeidskvardag med uventa hendingar
Vaksdal kommune kan tilby
Me har godt arbeidsmiljø, dyktige folk i tenesta og gode ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving
Me gjev uteljing på lønn for relevant vidareutdanning
Hos oss får du faglege og personlege utfordringar, og du får moglegheit til å utvikle deg saman med oss
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Individuell oppfølging
Løn i tråd med tariffavtaleverk
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=ilq_c2fKmZQKontaktperson for stillingenNina JakobssonAvdelingsleiar Elvevegen Bueining+4795987676Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenVi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen. Det er enkelt å reisa hit med tog og bil.Bueining for funksjonshemma er lokalisert i Elvevegen, i sentrum av Dale.Vårt mål er å gje tenestemottakarane moglegheit til å leve og bu sjølvstendig, og til å ha eit aktivt og meiningsfullt tilvære, både individuelt og i fellesskap med andre. Personalgruppa i Elvevegen er samansett av vernepleiarar, førskulelærarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar, aktivitørar, pleiemedarbeidarar og assistentar.SektorOffentligNettsted