90 % fast stilling i NMS og NMSU - misjonskonsulent (50%) og barne- og ungdomskonsulent (40 %)
Det Norske Misjonsselskap
- Ålesund, Møre og Romsdal
- Fast
- Fulltid
Bli med på laget i Det Norske Misjonsselskap (NMS) og ver med på å gjere ein forskjell! Vi søkjer ein dyktig misjonskonsulent til 50% stilling i vår region Møre, som omfattar Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre.Om stillinga:
Som misjonskonsulent i Region Møre vil du ha ei sentral rolle i arbeidet med å rekruttere, engasjere og følgje opp frivillige. Du vil samarbeide tett med tilsette i NMS, NMSU, NMS Gjenbruk og Kjeldsund leirstad for å legge til rette for både nye og eksisterande misjonsfellesskap og eit levande og vitalt frivillighetsarbeid i regionen. Arbeidet ditt vil bidra til å gjere misjonsarbeidet meir synleg og engasjerande i regionen, og du vil vere med på å formidle viktige misjonsbodskap til ulike målgrupper.Arbeidsoppgåver:Rekruttering og oppfølging: Rekruttere, kurse og følgje opp frivillige og frivillighetsteam som ynskjer å bidra til misjonsarbeidet.Tilrettelegging av fellesskap: Støtte eksisterande misjonsforeiningar og leggje til rette for nye småfellesskap (misjonsforeiningar).Formidling: Forkynne og formidle misjonsinformasjon på ulike arenaer, og bidra til å synleggjere NMS sitt arbeid.Barne- og ungdomskonsulent (40 %) i NMSU:Vil du jobbe for visjonen «Unge disiplar i heile verda»? Trivst du med å byggje relasjonar og gode fellesskap, samarbeide og formidle? Vil du bruke talenta dine til å engasjere barn og unge til å dele tru, tid, ting og talent?NMSU søkjer deg som synest det er spennande og meiningsfylt å sjå, samle og styrkje ungdom og frivillige. Du opplever meining i å inspirere både unge og eldre gjennom formidling og relasjonar. Vi ser etter ein engasjert, kontaktskapande og strukturert person som vil vere med og skape aktivitet for barn, unge og familiar i regionen saman med frivillige og Den norske kyrkja.Vi tilbyr ein variert jobb med oppfølging av eksisterande aktivitetar og rom for å skape nye. Du får i stor grad styre eigen arbeidskvardag.Hovudarbeidsoppgåver:
- Utvikle og følgje opp samarbeid med Møre bispedøme og kyrkjelydar i Den norske kyrkja
- Etablere followme-nettverk i Møre for å bidra til å sjå, samle og styrkje ungdomsleiarar og dei som jobbar med ungdomsarbeid i kyrkjelydane i regionen
- Formidle tru og misjon i møte med barn og ungdom
- Oppfølging av frivillige og byggje frivillige team
- Relevant utdanning og erfaring med leiing av frivillige, samt å arbeide med barn og unge
- Misjonsengasjement, stor relasjonell kapasitet og god formidlingsevne.
- Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert.
- God kjennskap til kyrkje- og organisasjonsliv, spesielt innan Dnk, NMSU og NMS
- Erfaring med administrative oppgåver og bruk av dataverktøy.
- Ein spennande og variert arbeidskvardag i internasjonale organisasjonar.
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
- Moglegheit for heimekontor etter avtale.
- Løn etter NMS og NMSU sitt regulativ.
- Søkjaren må disponere bil, då reising i regionen er ein naturleg del av stillinga.
- Søkarar må vere personleg eigna for stillingane.
- Du må kunne identifisere deg med NMS og NMSU sine grunnsyn.
Det Norske Misjonsselskap (NMS) er ein av Norges største misjonsorganisasjonar, og vi samarbeider tett med Den norske kyrkja. I NMS er målet vårt å skape eit verdig liv og eit varig håp ved å dele tru, utrydde fattigdom og bekjempe urettferd. I NMS blir du ein del av eit verdsomspennande fellesskap.Om NMSU:
NMSU er ein barne- og ungdomsorganisasjon som består av lokallag og enkeltmedlemmar. Vi har vår forankring i Den norske kyrkja og ønskjer å vere ein naturleg samarbeidspartnar for kyrkjelydar som ønskjer at barn og unge skal få eit lokalt og globalt misjonsengasjement. Gjennom arbeidet vårt vil vi engasjere barn og unge til å dele tru, tid, ting og talent.Vi ser fram til å høyre frå deg! Ansettelsestype: fast stilling | Arbeidstid: heltid/deltid | Antall ledige stillinger: 1 | Arbeidsomfang: 40 % og 50% | Sted: Ålesund eller anna stad etter avtale | Fylke: Møre og Romsdal | Land: Norway | Referansenummer: 2025/15 | Kontakt: Silje Sjøtveit 97541299, | Publisert: 2025-08-29 | Søknadsfrist: 2025-09-29