Undervisningsstilling (engasjement) i matematikk og naturfag

Vestland fylkeskommune

  • Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 8 dager siden
ArbeidsoppgåverUndervisning i matematikk og naturfag på yrkesfag vg1 og påbygging til generell studiekompetanse. Undervisninga føregår i mindre grupper som skal ha meiropplæring for ny eksamen eller for å få standpunktkarakter. Heile breidda i faga skal dekkast, med noko redusert timetal i faga.KvalifikasjonarTil alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
Det er ønskjeleg med undervisningserfaring.
Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Du har god digital kompetanse.Personlege eigenskaparDu likar å arbeide med ungdom og er ein god rollemodell.
Du har ei positiv innstilling og skaper gode relasjonar.
Du ser behova til den enkelte elev.
Du er ein god lagspelar, er god til å samarbeide og deler av kunnskapen din.
Du arbeider strukturert og systematisk.Vi tilbyrLøn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Tett kollegasamarbeid og god delingskultur
Eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskapAdresse: NorgeKontaktinformasjonMagnhild HakestadrektorE-post: magnhild.hakestad@vlfk.noIngvill Rabben DypevikavdelingsleiarE-post: ingvill.rabben.dypevik@vlfk.noWenche NarumførstekonsulentE-post: wenche.narum@vlfk.noOm arbeidsgivarenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Vestland fylkeskommune