Bjørnafjorden og Samnanger legevakt og legevaktsentral har ledig 70% fast stilling som sjukepleiar/paramedic
BJORNAFJORDEN KOMMUNE LEGEVAKT
- Vestland
- Fast
- Deltid
Vi held til i Beredskapsbygget på Moberg, i same bygg som Ambulansetenesta og Brann og redning.
I tillegg har vi ei avdeling m/lege i Eikelandsosen.Arbeidsoppgåver
Oppgåvene på legevaktsentralen er å svara på henvendingar for kommunane Bjørnafjorden, Samnanger og Austevoll. Du jobbar i team med lege, sjukepleiar og ambulansepersonell og håndtera pasientar både på legevakta og ute i kommunen.Med akutt hjelp meinast: "Den helsehjelp som helsetenesta eller ein helsearbeidar er pliktig til å yte utan opphald eller snarast når hjelpa er påtrengande nødvendig for å avverge fare for akutt dødsfall, akutt betydeleg helsetap eller avhjelpe alvorlege smertetilstander».Stillinga er i 3 delt turnus med bl. anna langvakter og arbeid 3. kvar helg. Kvalifikasjonar
- Du må ha autorisasjon som sjukepleiar/eller bachelor i paramedic og relevant arbeidserfaring
- Du må ha sertifikat, klasse B (kode 160 er ikkje eit krav)
- Du må kunne jobba sjølvstendig
- Du må ha generelle datakunnskapar
- Du må ha gode norske skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
- Du må kunne beherska engelsk munnleg
- Det vert lagt særleg vekt på dine personlege eigenskapar
- God opplæring i eit trygt miljø
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldende avtaler
- For fast tilsette sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus, samt helsesjukepleiarar i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen
- Kr 40 000,- i tillegg på årslønn for natt i turnus
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen