Avdelingsleiar

Bømlo kommune

  • Rubbestadneset, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 2 dager siden
Vil du vera med å forma framtida til Rubbestadneset skule? Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar som vil spela ei nøkkelrolle i skulen sitt pedagogiske arbeid. Som avdelingsleiar får du eit variert arbeid med både administrasjon og undervisning.Om skulen:Rubbestadneset skule har elevar frå 1.-7. klasse og SFO. Pr. i dag er det 174 elevar ved skulen og 78 barn på SFO. I tillegg har skulen innføringsklasse med tilrettelegging for undervisning for barn frå mange land. Skulen har tett samarbeid med Høgskulen på Vestlandet i rolle som lærarutdanningsskule.Skulen ligg fint til med stort uteområde og nærleik til skogen. Me er 30 tilsette som jobbar godt i lag for å gje elevane våre gode skuledagar og eit godt SFO tilbod.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:21.09.2025Arbeidsgivar:Bømlo kommuneStad:RubbestadnesetStillingstittel:Avdelingsleiar Rubbestadneset skuleStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5010812287Sosial deling :Arbeidsoppgåver
  • Pedagogisk utviklingsarbeid og oppfylging av læringsarbeid.
  • Følgje opp elevsaker og sosialpedagogiske saker.
  • Fellesadministrative oppgåver med vikaransvar.
  • Personaladministrative oppgåver med personalansvar.
Kvalifikasjonar
  • Godkjent undervisningskompetanse og undervisningserfaring.
  • Kunnskap om Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020.
Det er ønskeleg med:
  • Erfaring med og evne til å leie endringsprosessar.
  • God IKT-kompetanse.
  • Skuleleiarerfaring og/eller leiarutdanning.
Personlege eigenskapar
  • Du er god på kommunikasjon og samarbeid.
  • Du er entusiastisk, kreativ og motiverande.
  • Du skaper gode relasjonar til elevar, føresette og tilsette.
  • Du er fleksibel og løysingsorientert.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg vi vekt på utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt din motivasjon for stillinga.Me tilbyr
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Løn etter avtale og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Som tilsett får du tilbod om medlemskap i kommunal velferdsklubb.
Anna informasjon
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvalifiserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkjarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vera særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
  • Etter opplæringslova § 10-9 vert det stilt krav til godkjend politiattest før tiltreding i stillinga.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga eller rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Tone O. Baugstø.Adresse: Ramskleiva 49, 5420 Rubbestadneset, Norge

Bømlo kommune