Vaken nattevakt

BUFETAT VEST SANDNES UNGDOMSSENTER

  • Sandnes, Rogaland
  • Fast
  • Deltid
  • 7 dager siden
Nord Jæren barne-og ungdomssenter er statleg barnevernsinstitusjon, med avdelingar i Sandnes og Stavanger kommune. Senteret har fire avdelingar. Tre av avdelingane er omsorgsinstitusjon for ungdom, medan ei avdeling er for barn. Alle avdelingane har plass til fire barn eller ungdommar. I Sandnes ligg Minde 1 og Minde 2, i eit triveleg nabolag.Ved Minde 2 er det ledig ein 44,83% fast stilling som miljøterapeut på natt. Stillinga er med arbeid kvar 4.helg.Arbeidsoppgaver
  • Du skape tryggleik og struktur i ungdommane sin kvardag
  • Bygge gode relasjoner og gi tydeleg, utviklingsstøttande omsorg
  • Gjere risikovurderingar og iverksette tiltak etter behov
  • Legge tilrette for ro og tryggleik på natt
  • Dokumentere arbeid og hendingar på ein fagleg og presis måte
  • Utføre nødvendige praktiske oppgåver for god drift av avdelinga
  • Samarbeide med barnevernsteneste, føresette, politi, helseinstansar m.fl.
  • Delta på/ansvar for overlapping og følgje opp kvelds-og morgonrutinar
  • Du er motivert og forpliktar deg til å arbeide etter det faglege rammeverket vårt
  • Du arbeidar med utviklings-og endringsarbeid saman med andre terapeutar
  • Det er krav om at alle tilsette gjennomfører opplæring i tryggleik og sikkerheit, jamleg vedlikeholdstrening
Kvalifikasjoner
  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleier) bachelor eller tilsvarende 180 studiepoeng.
  • Kandidatar med anna relevant bachelorgrad som til dømes lærar, psykologi, pedagogikk og sjukepleie fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning kan og vurderast
  • Kandidatar med relevant erfaring, utan 3-årig bacehlorgrad kan og bli vurdert
  • Førarkort klasse B
  • God skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk
  • God fysisk og psykisk helse
Ønskjeleg erfaring og kompetanse
  • Kjennskap til barnevernlova
  • Institusjonserfaring frå barnevern eller psykiatri
  • Kjennskap til traumebevisst omsorg
  • Kjennskap til trygghet og sikkerhet
  • Kjennskap til Rettighetsforskriften
For ansettelse i SKO 1494, 1495 og 1508 kreves fullført utdanning som sosionom, barnevernspedagog eller vernepleier.Personlige egenskaper Me søkjer deg som vil gjere ein forskjell for ungdom i krevjande livssituasjonar.Du er ein trygg og varm vaksen som klarar å møte ungdom med respekt, ro og nysgjerrighet. Du er fleksibel, taklar hektiske dagar og står støtt i utfordrande situvasjonar. Du jobbar godt både saman med andre og eiga hand, og du klarer å omstille deg raskt når kvardagen krev det. Vi ser etter deg som:
  • byggjer gode relasjonar og skapar tillit
  • er open for rettleiing og vidare fagleg utvikling
  • kommuniserer tydeleg og samarbeider godt
  • er strukturert, løysingsorientert metodisk
  • handterer konfliktar på ein profesjonell måte
  • har god arbeidsmoral og bidrar positivt i arbeidsmiljøet
Personleg egnethet vil bli vektlagtVi tilbyr
  • Stillingene er plassert i statlig lønnsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut p.t kr 490 000-615 000 pr. år. Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 540 000 - 670 000 pr. år. Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 548 500 - 670 000 pr. år .
  • Ved tilsetjing utan 3-årig høgskuleutdanning kan følgjande stillingskodar vere aktuelle: 1486 miljøarbeidar, p.t. kr 420 000 - 520 000 pr. år, 1203 fagarbeidar med fagbrev, p.t. kr 434 500 - 540 000 pr. år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 - 560 000 pr år.
  • Avlønning og stillingskode vurderes etter utdanning og erfaring. For særskilt kvalifiserte søkere kan høyere lønn vurderes.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
  • Du får vera med på å løfte oss slik at vi me kan kan gi ungdommane og familiane et godt tilbud.
Opplysningar til deg som søkjer:
  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Nord-Jæren barne- og ungdomssenter, avdeling Minde 2.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.KontaktinformasjonEli Salte, Avdelingsleder, 46616732,ArbeidsstedMindeveien 8A
4327 SandnesNøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 5104700518
Stillingsprosent: 44%
Fast
Startdato: 01.06.2026
Søknadsfrist: 24.04.2026Kontaktperson for stillingenEli SalteAvdelingsleder46616732Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenBarne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i BergenSektorOffentligNettsted

BUFETAT VEST SANDNES UNGDOMSSENTER

Lignende stillinger

  • 🌙💛 Våken nattevakt søkes til skjønn gutt på 2 år

    PRIMA ASSISTANSE AS AVD VESTLAND

    • Sandnes, Rogaland
    Vi har en støtte- og omsorgstjeneste i hjemmet i Sandnes kommune og søker nå en trygg og våken nattevakt til en god gutt på 2 år som trenger tilsyn gjennom natten. Foreldrene har b…
    • 6 dager siden
  • Vaken nattevakt

    Bufetat

    • Sandnes, Rogaland
    Om stillingen Nord Jæren barne-og ungdomssenter er statleg barnevernsinstitusjon, med avdelingar i Sandnes og Stavanger kommune. Senteret har fire avdelingar. Tre av avdelingane …
    • 7 dager siden
  • Vaken nattevakt

    Bufetat

    • Sandnes, Rogaland
    Arbeidsoppgaver Du skape tryggleik og struktur i ungdommane sin kvardag Bygge gode relasjoner og gi tydeleg, utviklingsstøttande omsorg Gjere risikovurderingar og iverksette t…
    • 7 dager siden