Vi søkjer engasjert sjukepleiar til fast stilling

Helse Førde

  • Førde, Vestland
  • Fast
  • Fulltid
  • 10 dager siden
Om stillingaMedisinsk sengepost 2, Førde sentralsjukehus har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar frå snarast.Vi ønskjer å kome i kontakt med deg som har eit fagleg engasjement og ønskje om å bidra til god kvalitet i tenestene våre.Medisinsk sengepost 1 og 2 har nyleg flytta inn i nytt og moderne sjukehus. Medisinsk sengepost 2 har mage/tarm, lunge, lungekreft & utgreiing som spesialisert fagfelt. Medisinsk sengepost 1 har har nyre, diabetes & endokrinologi, og hjartesjukdommar som spesialiserte fagfelt. Vi samarbeidar tett med kvarandre.Her vil du få oppleve ein kvardag med mykje variasjon, eit mangfald av kollegaer som du kan spørje, lene og støtte deg på. Her er det gode moglegheiter for fagleg utvikling og nye erfaringar.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:08.09.2025Arbeidsgivar:Helse FørdeStad:FØRDEStillingstittel:SjukepleiarStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:FastStillingsprosent:100Webcruiter-ID:4985618824Sosial deling :ArbeidsoppgåverSom sjukepleiar, vil du møte akutte og kronisk sjuke pasientar med ulike sjukdomsbilete, mange av pasientane er eldre med samansette helseplager. Arbeidet er pasientrelatert med oppfølging av behandling, stell og pleie. Vi har 3-delt turnus og ein må kunne jobbe i det.Arbeidet er tverrfagleg og vi samarbeider også med pårørande og primærhelsetenesta. I det tverrfaglege arbeidet samarbeider ein til dømes med lege, fysioterapeut, ergoterapeut og apotekpersonell. Dokumentasjon i DIPS og Meona er ein del av det daglege arbeidet.Stillinga har 30% andel fellesvakter, som betyr at ein må kunne jobbe fleksibelt mellom andre avdelingar når det er behov for det.KvalifikasjonarSøkjar må vere autorisert sjukepleiar. Det vil være ein fordel om du har erfaring frå sengepostarbeid frå tidlegare, men ikkje påkrevd. Du må kunne handtere bruk av PC med tilhøyrande program. Det vert gitt opplæring i sjølve programma vi brukar. Søkjar må mestre godt norsk både skriftleg og munnleg.Søkjar med relevant erfaring og vidareutdanning vil bli prioritertPersonlege eigenskaparVi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team.Ein av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss.Vi tilbyrMedisinsk sengepost tilbyr god opplæring gjennom faddeordning med trygge rammer. Vi jobbar aktivt med organisasjonsutvikling på våre tenester og ønskjer gode og glade medarbeidarar med oss på laget for å skape eit nytt og betre sjukehus for våre pasientar og tilsette. Vi har fokus på å styrkje sosial tilhøyrsle og trivsel på arbeidsplassen med årlege treffpunkt som julebord, sommarfest og blå-tur.Medisinsk sengepost ønskjer å komme i gang med langvakter og vil tilby dette til dei som ønskjer det.Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Adresse: svanehaugvegen 2, 6812 FØRDE, NorgeKontaktinformasjonAnne Mari IndrebøSeksjonsleiar medisinsk sengepost 2E-post: anne.mari.indrebo@helse-forde.noOm arbeidsgivarenHelse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Helse Førde

Lignende stillinger

  • Spennande stilling som sjukepleiar

    Helse Førde

    • Førde, Vestland
    Om stillinga Vi søkjer engasjert sjukepleiar til Kirurgisk sengepost ved Førde sentralsjukehus. Er du klar for ein kvardag med høgt tempo, fagleg utvikling og eit sterkt felles…
    • 2 dager siden
  • Spennande stilling som sjukepleiar

    HELSE FORDE HF FORDE SENTRALSJUKEHUS

    • Førde, Vestland
    Vi søkjer engasjert sjukepleiar til Kirurgisk sengepost ved Førde sentralsjukehus. Er du klar for ein kvardag med høgt tempo, fagleg utvikling og eit sterkt fellesskap? Då kan de…
    • 2 dager siden
  • Sjukepleiar legevakt og KAD

    • Førde, Vestland
    Stillinga er eit vikariat med varigheit frå 01.12.2025 til 31.08.2026 og har kombinert arbeidsstad på alle avdelingar; KAD, legevaktsentral og legevakt. Stillingane inngår i etable…
    • 8 dager siden