Pedagogisk leiar

Kinn kommune Se alle jobber

  • Florø, Vestland
  • Midlertidlig
  • Fulltid
  • 9 dager siden
Om stillingaKinn kommune har ledig 100% vikariat som pedagogisk leiar i Nepjarhaugen barnehage. Stillinga er ledig frå 27.04.2026 til 15.01.2027.Nepjarhaugen barnehage opna i august 2023 og ligg i Florø sentrum. Den er organisert som avdelingsbarnehage med 4 avdelingar. Barnehagen er moderne og framtidsretta med gode fasilitetar for barn og tilsette. Vi har industrikjøkken med eiga pedagogisk arbeidssone og spisesone for barna, fellesrom med moglegheit for fysisk aktivitet og eit eige språkrom der det er tilrettelagt for språkstimulerande aktivitetar. Dette støttar opp om den pedagogiske profilen vår som bygger på 4 satsingsområde: Kosthald og måltid, fysisk aktivitet, språk og kommunikasjon og mangfald og inkludering. Barnehagen har, eller held på med å utarbeide, planar for kvart av desse områda.NøkkelinformasjonSøknadsfrist:19.04.2026Arbeidsgivar:Kinn kommuneStad:FlorøStillingstittel:Pedagogisk leiarStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:VikarStillingsprosent:100Webcruiter-ID:5108783052Sosial deling :ArbeidsoppgåverPedagogisk leiar har ansvar for å:
  • setje i verk og leie det pedagogiske arbeidet i tråd med godt fagleg skjønn
  • leie arbeidet med å planlegge, gjennomføre, dokumentere, vurdere og utvikle arbeidet i barnegruppa eller innanfor dei områda hen er sett til å leie
  • rettleie og sørge for at barnehagelova og rammeplanen blir oppfylte gjennom det pedagogiske arbeidet
  • spele medarbeidarane gode gjennom tydeleg og inkluderande leiarskap
  • arbeide målretta med å inkludere barn, føresette og tilsette i barnehagen sine utviklings- og avgjerdsprosessar
KvalifikasjonarPedagogisk leiar må ha utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærerutdanning er annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.Personlege eigenskaparVi søker deg som er opptatt av å sikre barna ei god fysisk og psykisk helse i eit trygt, støttande og inkluderande barnehagemiljø. Det er fint om du har kompetanse og interesse innanfor eitt eller fleire av satsingsområda våre, men det er ikkje eit krav. Det viktigaste er at du er open og fleksibel, har god relasjonskompetanse og samarbeidsevne. Vidare må du vere motivert, endringsvillig, løysingsorientert og opptatt av di eiga læring. Du må like å jobbe i eit pulserande barnehagemiljø med høgt tempo og fokus på organisasjons-, profesjons- og kvalitetsutvikling.Vi tilbyrLøn etter tariffKompetanselønssystemKLP pensjonsordning og god forsikringsordning.Brei og høg kompetanse i personalgruppaHøgt fagleg fokusAdresse: Markegata 59, 6900 Florø, NorgeKontaktinformasjonNina Marie Faye MatreFungerande styrar i Nepjarhaugen barnehageOm arbeidsgivarenVår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.

Kinn kommune

Lignende stillinger

  • Pedagogisk leiar

    Kinn kommune

    • Florø, Vestland
    Kinn kommune har ledig 100% vikariat som pedagogisk leiar i Nepjarhaugen barnehage. Stillinga er ledig frå 27.04.2026 til 15.01.2027. Nepjarhaugen barnehage opna i august 2023 og…
    • 9 dager siden
  • Pedagogisk leiar

    NEPJARHAUGEN BARNEHAGE

    • Florø, Vestland
    Kinn kommune har ledig 100% vikariat som pedagogisk leiar i Nepjarhaugen barnehage. Stillinga er ledig frå 27.04.2026 til 15.01.2027. Nepjarhaugen barnehage opna i august 2023 og…
    • 9 dager siden