Tilkallingsvikarar

HARAM OMSORGSSENTER

  • Brattvåg, Møre og Romsdal
  • Midlertidlig
  • Deltid
  • 17 dager siden
Ytre Haram omsorgsdistrikt søkjer etter tilkallingsvikarar. Vi søkjer deg som kan stille opp ved behov, og som ønskjer å bidra til at brukarane våre får gode og trygge tenester.Ytre Haram omsorgsdistrikt består av Haram omsorgssenter, Ytre Haram og Nordøyane heimetenstedistrikt og to dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane.Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode og målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.Arbeidsoppgåver
  • Pleie og omsorg til brukarar
  • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på å følgje faglege retningslinjer
  • Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar
  • Bidra til eit godt samarbeid mellom brukar og pårørande
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
  • Helsepersonell og personar utan utdanning kan søkje
  • Førarkort klasse B for stilling i heimetenesta
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Tilstrekkeleg IT-kompetanse til å kunne arbeide i journalsystem med pasientoppfølging
  • Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt
Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Likar å jobbe med menneske
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Tek ansvar og samarbeider godt
  • Møter andre med respekt og varme
  • Kan jobbe sjølvstendig når det trengst
  • Må kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Godt humør og ei positiv framtoning
  • Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer, og eigenskapar til å bidra til eit godt omdøme
Vi tilbyr
  • Eit godt fagmiljø og god kollegastøtte
  • Stort fokus på teknologi og alternative måtar å arbeide på
  • Variert arbeid i møte med mange ulike menneske
  • God opplæring
  • Moglegheit for vidare vikaroppdrag og sommarjobb
  • Løn etter tariff
Kontaktinformasjon Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954,Arbeidsstad Storgata 20
6270 BrattvågNøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5101749617
Stillingsprosent: 0%
Engasjement
Søknadsfrist: 14.06.2026Kontaktperson for stillingenIngrid Beate MathisenTenesteleiar90751954Kopier telefonnummerKopier e-postadresseOm bedriftenHaram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.SektorOffentligNettsted

HARAM OMSORGSSENTER

Lignende stillinger

  • Tilkallingsvikarar

    Haram kommune

    • Brattvåg, Møre og Romsdal
    Om stillinga Ytre Haram omsorgsdistrikt søkjer etter tilkallingsvikarar. Vi søkjer deg som kan stille opp ved behov, og som ønskjer å bidra til at brukarane våre får gode og tryg…
    • 17 dager siden
  • Tilkallingsvikar renhold

    Ålesund kommune

    • Ålesund, Møre og Romsdal
    Arbeidsoppgaver Daglig renhold i henhold til renholdsplan Gulvvedlikehold Hovedrenhold Andre renholdsrelaterte oppgaver Kvalifikasjoner Vi ønsker at du har erfaring me…
    • 11 timer siden